Prosjektplan
Vinje-senteret skal bli det rause museet, heiter det i prosjektplanen for Vinje-senteret. Det skal bli ein tydeleg samfunnsaktør med klare mål, systematisk samarbeid og ein høgare himmel over drifta i kvardagen.
Vinje-senteret skal bli det rause museet, heiter det i prosjektplanen for Vinje-senteret. Det skal bli ein tydeleg samfunnsaktør med klare mål, systematisk samarbeid og ein høgare himmel over drifta i kvardagen.
Der er mange litterære museum i andre land, men det dominerande fellestrekket ser ut til å vere at dei handlar om éin person, éin institusjon, éin periode. At det er slik, kan ha med tradisjon og økonomi å gjere, men det kan også forklarast med at iallfall for dei store språkkulturane er kvar forfattar stor nok i seg sjølv.
Det blir lett å kome til Vinje-senteret, og det skal vere lett å bli verande der. Vinje-senteret blir lagt til Vinje skule like ved E134 eit kvarter frå kommunesenteret Åmot og midt mellom Bergen og Oslo.
Vinje-senteret får ei dempa, men tydeleg form og utnyttar plassen godt. Det er ein institusjon med mange funksjonar som inneber ein komplisert konstruksjon. Skisseprosjektet styrkjer det som er, legg til noko nytt i form og innhald og framhevar dei store verdiane i kulturlandskapet i området.
Prosjektplanen inneheld spesifiserte kalkylar for Vinje-senteret, for basisutstillinga og for utbetring av Vinjar samfunnshus. Det blir også vist korleis alt kan finansierast.
Arbeidet med Vinje-senteret vil resultere i mange dokument og avtalar. Desse blir publiserte etter kvart.
Aasmund Olavsson Vinje blei født 6. april 1818 i Vinje og vaks opp på Vinjestoga.