Gratulerer, Vinje kommune!
F.v. Statssekretær Jan Christian Kolstø (V), ordførar i Vinje kommune Jon Rikard Kleven og assisterande rådmann i Vinje kommune Anders SandvikFoto: Aasen-tunet, Gaute Øvereng

Gratulerer, Vinje kommune!

Kulturdepartementet kårar Vinje til Årets nynorskkommune 2018. – Om vi ikkje tek vare på språkarven vår, blir vi som ein bekk utan kjelde, sa
ordførar Jon Rikard Kleven i takketalen.

Gratulerer, Vinje kommune!
Styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum
– Vinje kommune nyttar nynorsk i kommunikasjon, forvaltning, marknadsføring og til å byggje identitet og fellesskap i kommunen. Gratulerer med velfortent pris! Det er kjekt å samarbeide med kommunen om å etablere og drive Vinje-senteret for journalistikk og dikting, seier styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum. 

I kultur- og idrettshuset Vinjehuset heng jamstillingsvedtaket frå 1885 på veggen. Vinje kommune har òg teke initiativ til feiringa av 200-årsjubileet for Aasmund Olavsson Vinje i 2018, og bidreg med ulike tiltak til å feire og minnast Tarjei Vesaas, Halldis Moren Vesaas og Aslaug Vaa.

– Samstundes som nynorskhistoria står sentralt i Vinje, nyttar dei nynorsk til å tenkje framover. Dei er medvitne nynorsk når innvandrarar og innflyttarar kjem til kommunen, og er med på å etablere eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk i Vinje, seier dagleg leiar ved Vinje-senteret Kristian W. Rantala.

Dagleg leiar i Aasen-tunet sit i juryen til Årets nynorskkommune. Styret, direktøren eller dagleg leiar Vinje-senteret har ikkje vore med i prisarbeidet.