Tilbake til alle utstillingane

Basisutstilling Ivar Aasen-tunet

04.09.2010. - 13.12.2025.
Foto Kib&Morits

Basisutstillinga i Ivar Aasen-tunet er hovudattraksjonen vår, og har dei siste åra fått ei rekkje nye element.

Vil du til dømes kike på stereoskopbileta Ivar Aasen sjølv såg, høyre europeisk litteratur på originalspråket, eller kanskje vil du vite meir om dialektmerke i Skandinavia? I basisutstillinga vil du finne installasjonar som fortel deg meir om både Ivar Aasen og språk i heile verda. 

Fornya utstillinga

Basisutstillinga, som er produsert i eit unikt samarbeid mellom arkitekt og utstillingsprodusent, innheld mange faste element. Men sidan 2007 har det gått føre seg ei utstillingsfornying som har resultert i mange nye og spennande installasjonar. For borna vil det vere gildt å prøve «Verdas minste kinosal», der tunkatten Lurivar har spela inn mange kjekke videohelsingar. Og etterpå kan det vere artig for både vaknse og born å snurre på det heilt eigenutvikla dikthjulet i Aasen-tunet.

Utstillinga inneheld no også høgdpunkt i populærmusikk på nynorsk, ei ny tidslinje om «All verdas språk», og tre trykkskjermar der ein kan dykke ned og få meir kunnskap om både Ivar Aasen og språk i verda. Om du ønskjer å høyre mangfaldet i dei norske dialektane, kan du berre ringje på dørklokka hos dei som bur i «Språkhuset».

Dei nye installasjonane i Ivar Aasen-tunet er omsett til engelsk.

Eldste personmuseum

I tillegg til basisutstillinga, er der andre bygningar i Ivar Aasen-tunet som går inn i den totale museumsopplevinga. Gamlemuseet frå 1898, det eldste personmuseet i Noreg, er vel verdt å få med seg. Frå sommaren 2014 har vi dessutan opna Stabburet for publikum – den einaste bygningen som står att frå garden der Aasen vaks opp. Her vil du finne ei lydforteljing skriven av Erna Osland.

I Gamlevegen er det dessutan ein lydsti, der innhaldet blir skifta med jamne mellomrom. 

Skal gi refleksjon

Målet med utstillingane våre, er at dei skal svare på kvifor det var naudsynt med eit nytt norsk skriftspråk, og kvifor det framleis er naudsynt å halde oppe dette skriftspråket.

Det er også eit mål at dei som vitjar utstillinga skal bli inspirerte til refleksjon over sitt eige språk, og at dei får ei større forståing av språk som fenomen.

  • Dato: 04.09.2010. - 13.12.2025.
  • Stad:Ivar Aasen-tunet
  • Kurator:John Aage Gjestrum mfl.

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk

Basisutstilling Ivar Aasen-tunet - aasentunet.no