Framførte Haustvisa til Ivar Aasen på heilt nyskriven melodi

Herborg Kråkevik og pianist Tove Kragset opna framsyninga i Aasentunet med uroppføring av Haustvisa til Ivar Aasen – på heilt nyskriven melodi.

Målet er å spele den inn og gi den ut slik at den vert tilgjengeleg for alle.

– Vi ville ha med oss noko nytt og unikt til Aasentunet, og då var det nærliggande å nytte ein av Ivar Aasen sine flotte tekstar, seier pianist Tove Kragset som er den som har sett tone til Haustvisa.

Ho fortel at melodien blei ferdig for knappe fire veker sidan, så den er heilt fersk.
– Vi har øvd over telefon mellom Noreg og Danmark.

Frå scena fortalde Herborg Kråkevik at ho hadde vore litt nervøs for å framføre Haustvisa i det ho kalla nynorskens høgborg. Men responsen frå publikum i Aasentunet var veldig bra, og fleire formidla at dei ynskte at dei skulle spele inn visa.

– Den vert i repertoaret og vi ynskjer å spele den inn sjølv også, så målet er å få gitt den ut, forsikrar Kragset.

Ven av Aasentunet
Herborg Kråkevik har alltid vore glad i nynorsken, og fortel at Ivar Aasen og språkreisene han gjennomførte har vore ein stor inspirasjon for ho i eiga karriere.

– Då er det rett og slett ekstra inspirerande å få kome hit til tunet der han vaks opp, seier Kråkevik.

På scena blei den folkekjære artisten introdusert som ein ven av Aasentunet, og det understreka ho at ho er veldig stolt av å vere.

– Det håpar eg at får lov til å vere framover også, og så håpar eg at får kome attende, avsluttar ho.

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk