Sunnmørske veteranar og nynorsk stjerneskot til Festspela 10.–13. juni 2021

Bilete av Baarelaget.
Baarelaget, frå venstre: Frå venstre: Totto Nilsen, Frode Sundnes, Arne Moe, Kyrre Grimstad og Kjell Rune Klubbenes. Foto: M. Lystad Johansen
Bilete av Synne Vo.
Synne Vo spelar på Rokken Studenthus fredag 11. juni. Pressefoto

Sunnmøre Baarelag opnar Festspela 2021 med ein konsert utanom det vanlege, torsdag 10. juni på Studenthuset Rokken i Volda. Fredagen entrar popkometen Synne Vo den same scena. 22-åringen frå Lesja i Gudbrandsdalen har på kort tid blitt ein av Noregs mest lovande popartistar.

– Baarelaget er kjende i både lokal og nasjonal storleik. Bandet har stått i spissen for å nytte nynorsk språk og dialekt i populærmusikken, seier arenaleiar ved Aasentunet Olav Øyehaug Opsvik.

Sunnmøre Baarelag vart starta i 1980, gav ut si første singelplate i 1983 og er framleis ein gjengangarar i NRK Radio. Bandet, som levde ut rockemyten rundt om på Vestlandet i 80- og 90-åra, er framleis i godt driv – ein god del eldre, men fulle av erfaring frå både opp- og nedturar.

Baarelaget lovar ei heilt spesiell konsertoppleving med fleire spennande gjesteartistar.

– Maria Hovdenakk, Ingeborg Lejon og Christoffer Jensen er med som koristar. Svein Erik Åmås er med på keyboard, og Lars Egil Vågseter kjem med steelgitaren sin, fortel Kyrre Grimstad i Baarelaget.

Bandet kjem til å spele mange av dei mest kjende låtane, men har også mindre kjende godbitar på lur.

Synne Vo er eit friskt pust på den norske musikkscena, med sjarmerande gudbrandsdalsdialekt og fengjande organisk pop. Førstesingelen «Ett Minutt» frå det komande debutalbumet hennar fekk mykje merksemd frå musikkbransjen i vinter, og låten vart ein stor hit.

– Synne Vo er som skapt for å opptre på Festspela. Ho er ein stolt dialektbrukar med ei formidlingsevne og ein karakter av dei sjeldne, seier festivalprodusent Mathias Remmereit.

Heile programmet for Festspela 2021 blir lansert i midten av april.

BAARELAGET

Torsdag 10. juni, Rokken Studenthus

SYNNE VO

Fredag 11. juni, Rokken Studenthus

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk