Spennande Bygdepride-samtalar i Aasentunet

Jan Ove Ulstein og Geir Egil Eiksund
Teolog Jan Ove Ulstein og barnebokdebutant Geir Egil Eiksund.

Fredag 14. mai inviterer Aasentunet og Bygdepride til samtalar med barnebokdebutanten Geir Egil Eiksund frå Ørsta og teolog Jan Ove Ulstein, som har forska på kyrkja sitt forhold til homofili.

I byrjinga av mai gir Samlaget ut debutboka til ørstingen Geir Egil Eiksund. Kampen er ei barnebok om 11 år gamle Andreas, som ein sommardag byrjar å innsjå at han er blitt interessert i den nye guten Viljar. Gjennom boka får vi følgje Andreas på vegen til å både forstå og akseptere dei nye kjenslene sine. Under Bygdepride kjem forfattardebutanten Eiksund til Aasentunet for ein samtale med Ingvild Myklebust Hovden frå Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda.

– Målet har vore å skrive ei bok eg sjølv hadde hatt godt av å lese då eg vaks opp og forstod at eg var homofil. Eg håper boka kan vere eit lite klapp på skuldra til barn der ute som sit med nokre av dei same tankane – ei bok som fortel dei at det går bra, seier Eiksund.

Etter planen skulle Ørsta kyrkje gjennomføre «regnbogemesse» for første gong i 2020, i samband med markeringa av Bygdepride. På grunn av smittevernrestriksjonar har messa blitt utsett på ubestemt tid. Initiativet er eit godt høve til å diskutere kyrkja sitt forhold til homofili, og Aasentunet inviterer difor teolog Jan Ove Ulstein og sokneprest i Volda Kristian Myklebust til ein samtale om temaet. Ulstein har skrive forskingsartikkelen «Å tole kvarandre i kjærleik» om debatten som har gått internt i kyrkja i mange tiår om både teologiske og praktiske problemstillingar.

Aasentunet og Bygdepride ser fram til ei fin stund til refleksjon og open diskusjon om viktige spørsmål. Kafeen og utstillinga er opne, og vi bed publikum elles halde seg til gjeldande smittevernreglar.

Bokomslag «Kampen» av Geir Egil Eiksund.

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk