Soppdag i Aasentunet

Soppens dag vert feira i heile Skandinavia søndag, 5. september. På utescena i Aasentunet vert det soppkontroll og sopputstilling frå kl 12–14.

På soppkontrollen på utescena i Aasentunet får du hjelp av sopp-sakkyndige til å sortere vekk alt som ikkje er matsopp.  Kontrollørane går i gjennom soppfangsten sopp for sopp. Dei fortel om namn, kjenneteikn og forvekslingsartar. 

Kontrollørane kjem frå Nyttevekstforeninga, Ålesund.

Ta med sopp du er usikker på og få den kontrollert. Matsoppen får du med deg heim. 


Velkomen!


Arrangementet rettar seg etter gjeldande smittevernråd. 

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk