Eit barn er født i Betlehem

Eit barn er født i Betlehem,
i Betlehem.
No frydar seg Jerusalem.
Halleluja, halleluja!

Her ligg han i eit krubberom,
eit krubberom,
men rår med evig herredom.
Halleluja, halleluja! 

Men okse der og asen stod,
og asen stod,
og såg den Gud og Herre god.
Halleluja, halleluja! 

Tre kongar kom frå Austerland,
frå Austerland,
gull, røykjels, myrra gav dei han.
Halleluja, halleluja!

Han boren er forutan mann,
forutan mann,
og av Maria føddest han.
Halleluja, halleluja! 

Han sjølv, som er Guds eige Ord,
Guds eige ord,
han kom i kjøt og vart vår bror.
Halleluja, halleluja! 

Ein gong vi vert vår Herre lik,
vår Herre lik.
Han leier oss til himmelrik.
Halleluja, halleluja!

For juletid med gledebod,
med gledebod
skal Herren evig ære få.
Halleluja, halleluja!

Treeinig Gud, vi lovar deg,
vi lovar deg,
for frelsa no og æveleg!
Halleluja, halleluja.  

Salme

Tekst
Puer natus est in Betlehem, latinsk frå 1300-talet; til dansk ved Nikolaj Frederik Severin Grundtvig 1820 (strofe 4-5 eldre versjon); seinare ny versjon ved Magnus Brostrup Landstad. Til nynorsk ved Bernt Støylen 1905

Melodi 
Ludvig M. Lindemann 1871

Kjelde
Det lyser i stille grender, Syng jula inn, 2000
Brukt med løyve frå familien

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk