Informasjonskapslar og personvern

Personopplysningar er opplysingar som kan koplast til deg som person. Denne personvernerklæringa handlar om korleis Nynorsk kultursentrum samlar inn og brukar informasjon om brukarane av nettstadene til organisasjonen.

Som eigar av denne nettstaden registrerer Nynorsk kultursentrum korleis brukarane nyttar tenesta. Vi legg vekt på å følgje intensjonane i personopplysningslova og lagrar ikkje informasjon som kan sporast tilbake til enkeltpersonar, med mindre brukaren har førespurt ein spesifikk funksjon som fordrar bruk av personopplysingar. Dette kan vere påmelding til nyheitsbrev og kjøp av billettar.

Nynorsk kultursentrum eig og driv nettstadene nynorsk.no, aasentunet.no, haugesenteret.no, vinjesenteret.no, allkunne.no, festspela.no, poesifestivalen.no, litteraturdagane.no, handlenett.no og tunkatten.no. Denne personvernerklæringa gjeld for bruk av desse nettstadene og tilknytte tenester.

Stiftinga Nynorsk kultursentrum (organisasjonsnummer 976 013 263) ved ansvarleg redaktør, som er direktøren i Nynorsk kultursentrum, er behandlingsansvarleg for behandling av personopplysingar.

Dersom du har spørsmål om personvernopplysingar,  kan du ta kontakt med ansvarleg redaktør av nettstaden.    

Bakgrunn og omgrep
I 2018 kom eit nytt personvernregelverk. Den nye personopplysingslova av 2018 er samansett av nasjonale reglar og EUs personvernforordning, GDPR.

All behandling av personopplysingar må ha eit rettsleg grunnlag for å vere lov, jf. personvernforordningen artikkel 6.

Nynorsk kultursentrum ved ansvarleg redaktør er behandlingsansvarleg for behandling av personopplysingar. Behandlingsansvarleg er den som bestemmer føremålet med behandlinga av personopplysingar og kva hjelpemiddel som skal nyttast.

Databehandlarar er dei som behandlar personopplysingar på oppdrag av behandlingsansvarleg. Nynorsk kultursentrum nyttar tenester frå databehandlarar som eBillett, Google Analytics og Mailchimp, i tillegg til dei som driftar nettstadene våre.

Nynorsk kultursentrum nyttar tenester frå tredjepart, som til dømes Facebook for deling av innhald frå nettstadene våre. Dette er tenester der brukaren kan ha eigen brukarkonto. Desse tenestene ligg under tredjepart si personvernerklæring.

Nyheitsbrev
Abonnerer du på nyheitsbrev frå Nynorsk kultursentrum, registrerer vi -postadressa di og namnet ditt. Opplysningane blir berre brukt til å sende ut nyheitsbrev. Vi deler ikkje opplysingane med andre. Du kan når som helst melde deg av tenesta. Då blir opplysningane sletta.

Kjøp av billettar
Nynorsk kultursentrum nyttar tenesta eBillett til sal av billettar til arrangement. Opplysingane blir brukt til å gjennomføre kjøpet. Opplysingane kan òg bli brukt til å sende deg informasjon knytt til det aktuelle kjøpet/arrangementet.   

Kontaktskjema
Nynorsk kultursentrum nyttar skjema på nettstadene, til dømes til påmelding som frivillig på ein av festivalane. Opplysingane blir brukt til å ta kontakt med påmelde, sende informasjon, administrere og leggje til rette for frivillige på festivalane. Opplysingane kan også bli nytta til å invitere til arrangement i regi av Nynorsk kultursentrum.

Informasjonskapslar
Nynorsk kultursentrum nyttar informasjonskapslar (cookies) på nettstadene våre. Informasjonskapslar er små filer som vi lagrar for å halde ikkje-identifiserbar oversikt over besøk på nettstadene og for å gi ei betre brukaroppleving. Til dømes gjer det at søka dine på nettstaden tidlegare kjem opp i søkefeltet.

Behandlingsgrunnlaget for generering av anonym statistikk er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f, som tillèt at vi handsamar opplysingar som er naudsynte for å oppfylle oppgåver som veg tyngre enn omsynet til den enkelte sitt personvern. Oppgåva er i denne samanheng at nettsidene skal fungere optimalt.

Den reviderte ekomlova (lov om elektronisk kommunikasjon) av 1.7.2013, krev at alle som er ansvarlege for ein nettstad, skal informere om og innhente samtykke frå brukarane dersom nettstaden bruker informasjonskapslar (cookies). Dette er nedfelt i det som ofte blir omtalt som cookie-paragrafen, § 2-7 b i ekomlova.

I lov om elektronisk kommunikasjon § 2-7 b står det:

§ 2-7 b. Bruk av informasjonskapsler/cookies
Lagring av opplysninger i brukers kommunikasjonsutstyr, eller å skaffe seg adgang til slike, er ikke tillatt uten at brukeren er informert om hvilke opplysninger som behandles, formålet med behandlingen, hvem som behandler opplysningene, og har samtykket til dette. Første punktum er ikke til hinder for teknisk lagring av eller adgang til opplysninger:

1. utelukkende for det formål å overføre kommunikasjon i et elektronisk kommunikasjonsnett

2. som er nødvendig for å levere en informasjonssamfunnstjeneste etter brukerens uttrykkelige forespørsel.

Informasjons- og samtykkekravet er å rekne som oppfylt gjennom førehandsinnstilling av informasjonskapslar så lenge brukaren får klar og tydeleg informasjon på den aktuelle nettstaden om bruken av informasjonskapslar.

Første gongen du er inne på nettstaden, vil du få opp ein informasjonsboks om bruken av informasjonskapslar. Ved å halde fram med å nytte nettstaden, samtykkjer du til bruken av informasjonskapslar. Dei fleste nettlesarar er innstilte til å akseptere informasjonskapslar automatisk. Du kan når som helst velje å endre innstillingane slik at informasjonskapslar ikkje blir aksepterte. Det kan føre til at nettstaden ikkje fungerer optimalt.

Nynorsk kultursentrum nyttar ikkje informasjonskapslar som kan identifisere nokon, kartleggje den enkelte sitt bruksmønster eller på annan måte krenke personvernet.

På nettstaden nettvett.no kan du lese om korleis du sjølv administrer informasjonskapslar i ulike nettlesarar.

Klagerett
Personvernregelverket skal verne enkeltpersoner mot at personopplysingar blir handsama på en måte som krenkar personvernet.

Dersom du har spørsmål om personvernopplysingar,  kan du ta kontakt med ansvarleg redaktør av nettstaden. Dersom du meiner at Nynorsk kultursentrum ikkje handsamar personopplysingar i samsvar med lovverket, kan du klage til Datatilsynet.

Nynorsk kultursentrum eig og driv nettstadene nynorsk.no, aasentunet.no, haugesenteret.no, vinjesenteret.no, allkunne.no, festspela.no, poesifestivalen.no, litteraturdagane.no, handlenett.no og tunkatten.no. Denne personvernerklæringa gjeld for bruk av desse nettstadene og tilknytte tenester.

Stiftinga Nynorsk kultursentrum (organisasjonsnummer 976 013 263) ved ansvarleg redaktør, som er direktøren i Nynorsk kultursentrum, er behandlingsansvarleg for behandling av personopplysingar.

Dersom du har spørsmål om personvernopplysingar,  kan du ta kontakt med ansvarleg redaktør av nettstaden.

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk