Opning av årets barnekunstutstilling

Kvart år sidan 2008 har Ivar Aasen-tunet arrangert barnekunstutstilling med utgangspunkt i ei nynorsk barnebok.

Siste utstilling tok utgangspunkt i boka Zara og dei: Gorillahjerne til middag av forfattar Bjørn Sortland, med teikningar av Elisabeth Moseng. Tilsaman 304 born frå 22 ulike barnehagar bidrog til utstillinga med kunstverk inspirert av illustratøren sine monsteraktige, fantasirike figurar i Zara-universet. Etter opninga av utstillinga, med lesing og allsong, var det leik og varm kakao til alle ute på tunet.

Bileta over viser eit utdrag av kunstverka frå utstillinga.

Slik tradisjonen i Aasen-tunet er, stod utstillinga fram til familiedagen i starten av desember. Då fekk vi  besøk av sjølvaste illustratøren av boka. Elisabeth Moseng hadde ein animert versjon av same historie med seg, og etter filmframsyninga hadde ho teikneverkstad med borna.

Barnekunstutstillinga i Ivar Aasen-tunet

Alle barnehagar i åtte av kommunane i regionen, blir invitert til å vere med på den årlege barnekunstutstillinga. Vi brukar ei nynorsk barnebok som utgangspunkt for arbeidet. Barnehagane som melder seg på, får eit eksemplar av boka i gåve frå forlaget. Barnehagane les boka og lagar kunst som passar til tematikken i forteljinga.

Maria Fet

Meld deg på nyheitsbrevet og hald deg oppdatert på det som skjer i Ivar Aasen-tunet!

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk