To dikt av Olav H. Hauge i Norsk salmebok

To dikt av Olav H. Hauge i Norsk salmebok

På oppdrag frå Sokneprest Ivar Bu Larssen har dokumentasjonsansvarleg på Olav H. Hauge-senteret freista å skriva nokre ord om to dikt av Hauge som er å finne i Norsk salmebok. Artikkelen var på trykk i Kyrkjeblad for Granvin og Ulvik, nr. 1. 2015.

I Norsk salmebok (2013) finst det to salmar der tekstane er henta frå Dikt i samling av Olav H. Hauge (1908-1994). Salmetekstane er nesten identiske med slik dikta er prenta i den siste autoristerte utgåva av Dikt i samling (1994). Etter det eg kan sjå, er det berre eit ord som er annleis: i salmeversjonen av «Bøn» står det «spirone bryt av mold», men i diktet står det «spirone bryt or mold». Kvifor det er slik, veit eg ikkje, men kanskje er det gjort redaksjonelt. Det er elles godt kjent at Hauge sjeldan gjorde seg ferdig med dikt. Han skreiv vidare på dei, og dikta kom difor i fleire variantar. Dikta står no på dei to siste sidene i diktsamlinga Glør i oska, men diktet «Alltid ventar eg å finna» sto ein heilt anna plass i debutboka når det kom i 1946. Diktet er truleg flytta fordi «Bøn» og «Alltid ventar eg å finna» er i nær slekt, og at Glør i oska som verk og komposisjon difor krev ein slik fysisk nærleik mellom dikta.

Diktet «Bøn» heitte opphavleg «Skaldebøn» og hadde tre strofer, mot 2 strofer i dag. Heile diktet vart i 1985 teke ut av Dikt i samling. I eit brev skrive 12. august 1989 spurde dåverande hovudfagsstudent Ole Karlsen om kvifor Hauge hadde fjerna det. Svaret Hauge skreiv Karlsen nokre dagar seinare var: «Kanskje eg tykte diktet var for romantisk, eg veit ikkje. Eg veit berre at fær eg høve til å laga i stand ei ny utgåve, skal det på plass at, - det har no eit fromt ynskje». Det kom først inn att i Dikt i samling i 1994.

Kva meinest med at diktet var for romantisk? I boka Olav H. Hauges dikting skreiv Idar Stegane om «Bøn» som idealistisk allereie i 1974: «Det verkelege innsynet må avgjort kome utanfrå; same kor nær ein kjem dei, er venleiken på jorda, den skiftande årsgangen og natthimlens djup ikkje «under», men avglans eller spegling av idealriket. Idealismen er heil og eintydig i dette diktet.» Eit liknande svar finn me i Ole Karlsens hovudfagsoppgåve, Om Olav H. Hauges metapoetiske prosjekt (1994). Karlsen peikar der på at Hauges dikt skriv seg inn i ein romantisk-idealistisk tradisjon som inneber «platonisme, religiøsitet og synet på dikteren som profet og visjonær».

Dikta kan kallast platonistiske fordi dei er påverka av arven frå den greske filosofen Platon: røynda er delt mellom det foranderlege ein berre kan ha usikre oppfatningar om, og det evige som er gjenstand for sann kunne. Mest klårt er det kanskje i «Bøn» der diktar-eg-et ber om innsyn i sjølve «underet» og ikkje berre i «avglansen utanpå». I «Alltid ventar eg å finna» ligg det også lengt etter det ideale i uttrykk som «stø mi herd» og «rettvis kanning»: mennesket vaklar i verdas kaos om det manglar (skulder)støtte og rett kunnskap.

Dikta sjølve er underlagt tida, det omskiftelege. Det kjem til uttrykk mellom anna i at dikta til Hauge ofte kjem i fleire variantar. Samstundes påkallar diktar-eg-et i dikta det evige bortanom det jordiske. Difor kan desse dikta passa som salmesongar, reint innhaldsmessig. På det meir sanselege planet passar det godt fordi ordet lyrikk kjem av ‘lyre’. Lyrikk var tekst til musikk, og seiast å vera den litterære sjangeren som ligg nærast det songlege.

Diktinga til Olav H. Hauge utvikla seg etter kvart i andre retningar, og hjå den seinare Hauge er det kanskje meir dikta sjølv som vernar eg-et frå verda enn dei ideale storleikane (som i dei to salmedikta). Eit døme på diktets vernande karakter ser me i «Lauvhyttor og snøhus»: «Det er ikkje mykje med / desse versi, berre / nokre ord, røysa saman / på slump. / Eg synest / likevel / det er gildt / å laga dei, då / har eg som eit hus / ei liti stund.» Eksistensielle tema var altså noko Hauge stadig vendte tilbake til. 

 

Alltid ventar eg å finna

Alltid ventar eg å finna

noko som gjev livet verd,

noko som er verdt å vinna,

som kan lyfta meg og tvinna

stål i viljen, stø mi herd.

Løysa meg frå tvils forbanning

so eg audmjuk bøygjer kne

for ei evig livsens sanning

som kan gje meg rettvis kanning,

mål å gå mot, tru og fred.

Sæl er den som sterkt er dregen

og ser Herrens finger skriv.

Orm vert stav, og logeslegen

busk vert grøn att. Leit deg vegen

fyrr den stutte dagen sviv!

 



Bøn

Nysnøen legg si kåpe

yver den svarte tind.

Natthimmelen opnar skåpet

tusund av blånar inn.

Vintersnaud bjørki loggar,

spirone bryt or mold.

Mognande klårhaust voggar

åkrar, tunge av foll.

Opn mine augo, Herre,

so eg kan betre sjå

underet, ikkje berre

avglansen utanpå.

Fyll til den siste kvelden

hjarta med song og sut,

anden og altarelden

loge i einskap ut!