Ny doktorgrad tek for seg teksthistoria til Olav H. Hauge sine dikt

Ny doktorgrad tek for seg teksthistoria til Olav H. Hauge sine dikt

Aasta Marie Bjorvand Bjørkøy disputerte 6. mars 2015 over ei avhandling der eit av kapitla omhandlar teksthistoria til verk av Olav H. Hauge. Hauge-senteret gratulerer med avhandling og vel gjennomført disputas!

Eit av Aasta Marie Bjorvand Bjørkøy sine poeng er at endringar i tekstar ofte er avgjerande for korleis tekstane vert lesne. Olav H. Hauge endra dei fleste dikta sine fleire gongar, og på forskjellige stadium i forfattarskapen sin. Medvit knytt til at eit særskild dikt kjem i fleire variantar er naudsynt av di det har innverknad på analysen.

Avhandlinga Verkets hviskelek. Teksthistorien til utvalgte norske skjønnlitterære verk utgitt gjennom 1900-tallet vert truleg eit viktig verk for dei som ynskjer ein ny inngang til fordjuping i Hauge si dikting. Kapittelet om Olav H. Hauge er omarbeidd og kjem snart ut som bok på Vidarforlaget. Sjå lenke for utfyllande omtale om disputas og avhandling: 

http://www.hf.uio.no/iln/forskning/aktuelt/arrangementer/disputaser/2015/bjorkoy.html