Hauge på klingande amerikansk
Foto: Hauge-senteret

Hauge på klingande amerikansk

1. juni hadde Hauge-omsettinga Luminous Spaces si internasjonale lansering. I Ulvik, sjølvsagt!

Arrangementet rundt lanseringa av den engelske Hauge-omsettinga Luminous Spaces, byrja med ein samtale mellom Bodil Cappelen, omsettar Olav Grinde og forleggar Dennis Maloney. Dagleg leiar på Hauge-senteret, Geir Netland, var ordstyrar.

Etter å ha fått ei innføring i arbeidet med omsettinga, las Lars Helge Ljone dikt av Hauge på vakkert Ulvikamål, medan Grinde og Maloney følgde opp med å lesa dei same dikta på klingande amerikansk. 

Til sist vart stykket "Spør vinden" fremført med Bodil Cappelen, Knut Hamre og Ranveig Lægreid.