No er mange aleine, men vi er det saman

Aleine saman - korona og kulturen

Nynorsk kultursentrum har bede ulike kunstnarar, journalistar og vitskapsfolk om å dele nytt kunstnarisk innhald som passar til tida vi er i, under overskrifta «Aleine saman». På nynorsk.no ligg fleire bidrag ute og fleire skal det bli.

Dagane frå torsdag 12. mars 2020 og til alle dei særlege tiltaka mot virusutbrotet er oppheva ein gong i framtida pregar samtida, og kjem til å vere ein stor del av forteljinga om notida for framtida. Nynorsk kultursentrum meiner at kunstnarar, journalistar og vitskapsfolk kan seie noko særskild om denne tida, dei kan samle, provosere, dokumentere, nyansere, spekulere og gi oss alle nye innblikk i kva som skjer og har skjedd.

På nynorsk.no finn du no blant anna eit dikt av den prisløna forfattaren Jon Fosse som aldri tidlegare er publisert og eit talkshow leia av Linda Eide og Marit Eikemo. Ein heilt ny Sirkel Sag-låt og ein tekst av Odd Nordstoga .

Sjå alle bidraga her.

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk