Lurivar og det hemmelege skrinet

Lurivar les frå boka Jakob og Neikob. Foto: Humberset foto

I «Lurivar og det hemmelege skrinet» møter elevane i 1. til 4. klasse tunkatten Lurivar og ein kunstmålar.

I framsyninga får elevane møte tunkatten Lurivar som har med seg ein koffert med nynorske biletbøker. Så dukkar kunstmålaren opp med staffeli og målesaker. Han har også med seg eit skrin han passar godt på. Kunstmålaren elskar illustrasjonane i biletbøkene Lurivar har med seg. Men Lurivar bryr seg ikkje så veldig om illustrasjonane i bøkene, han er mest interessert i orda og forteljingane. Han er også veldig nysgjerrig på kva som er oppi det hemmelege skrinet til kunstmålaren og pønskar ut ein måte for å lure til seg skrinet.

Saman presenterer kunstmålaren og Lurivar nynorske biletbøker for borna og boltrar seg i fantasifulle ord og flotte illustrasjonar. Vegar Hoel som spelar kunstmålaren, arbeider både som skodespelar og biletkunstnar. Under framsyninga teikner og målar han fleire bilete ut frå innspel elevane kjem med. Lurivar blir spelt av Lykke Kristine Moen.

Framsyninga og samspelet mellom Lurivar og Kunstmålaren har eit humoristisk driv som gjer at elevane blir utrulig engasjerte.

Forfattaren Lars Mæhle har skrive manus til denne produksjonen, som har form som eit musikkteater med litteratur- og kunstformidling. Komponist Beate Lech har laga musikk til songane som blir brukt i framsyninga.

Framsyninga er god motivasjon for vidare lesing, og vi tilrår at ein legg inn eit bibliotekbesøk rett etter framsyninga der det er mogleg. Vi deler også ut ei liste over nyare nynorske barnebøker til lærarane etter framsyning.

Kontakt formidlar Ingeborg Kristvik for meir informasjon: ingeborg.kristvik@aasentunet.no

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk