Vil du dokumentere nynorsk skriftkultur?

Nynorsk kultursentrum søkjer etter ein nysgjerrig og strukturert kunnskapsmedarbeidar. 

Vår nye medarbeidar har som hovudoppgåve å dokumentere nynorsk skriftkultur. Blant hovudprosjekta er å samle inn munnlege minne og ta vare på og formidle samlingane våre i Ivar Aasen-tunet. Gjennom arbeidet får du høve til å snakke med personar som har vore med på å utvikle nynorsk skriftkultur, og dei som forskar på relevante emne. Du får brukt det du kan om å dokumentere og formidle til å skape entusiasme om nynorsk språk og litteratur. Det er ein fordel om du er trygg på å bruke video- og lydutstyr, og har noko erfaring frå video- og lydredigering. 

Til stillinga ligg også arbeid med anna samlingsforvaltning i stiftinga. Det inneber å registrere, fotografere og ha oversyn over foto-, arkiv- og gjenstandssamlingane som er lokaliserte i Ivar Aasen-tunet. Nynorsk kultursentrum nyttar Primus som registreringsverktøy.

Relevant fagbakgrunn kan vere til dømes nynorsk skriftkultur, historie, kulturhistorie, museologi, litteraturvitskap, nordistikk, språkvitskap, bibliotekarutdanning, sosiologi, sosialantropologi og journalistikk. Det kan vere høve til å delta i forskingsprosjekt i stillinga, og dersom den tilsette er kvalifisert kan det bli gitt tilbod om fast forskingstid.

Stiftinga Nynorsk kultursentrum formidlar, forskar på og forvaltar nynorsk språk og litteratur digitalt, med arrangement og utstillingar i heile landet og ved arenaene Ivar Aasen-tunet i Ørsta, Olav H. Hauge-senteret i Ulvik og Vinje-senteret i Vinje i Telemark. Stiftinga driv også tre festivalar, det digitale oppslagsverket Allkunne og seks skuleturnéproduksjonar. Det er venta at dei kulturfaglege tilsette hos oss er med på å utvikle og gjennomføre innhald for festivalar, arrangement, turnear, digitale tenester, omvisingar og utstillingar.

Hos oss nyttar alle nynorsk i skriftleg kommunikasjon. Nynorsk kultursentrum er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke og tilbyd ein idémyldrande bedriftskultur, engasjerte kollegaer, medlemskap i Statens pensjonskasse, avtalefesta pensjon, gruppelivsforsikring og løn etter avtale. 

Spørsmål rettar du til dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet Tone Slenes, tone.slenes@aasentunet.no, 91 51 88 22.

Grip sjansen. Send søknad med cv og relevante attestar som eitt samla PDF-dokument seinast 24. mai 2020 til post@nynorsk.no

Fagområde:

Forsking, samling og dokumentasjon 

Arbeidsstad:

Ivar Aasen-tunet, Ørsta

Tittel:

Førstekonservator (dersom PhD eller kvalifisering som førstekonservator NMF) 

Konservator (dersom kvalifisering som konservator NMF) 

Rådgivar
(
fullført mastergrad) 

Konsulent
 
(fullført bachelorgrad)
 

Utdanning:

Høgare utdanning, gjerne fullført mastergrad

Søknadsfrist:
24. mai 2020

Oppstart:
1. august 2020 eller etter avtale

Stillingstype:

Prosjekt (100%) til og med 31. juli 2021 med høve for fast stilling etter det

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk