Lanserer program til ei trygg festivaloppleving på Festspela

Bilete av bandet 9 garder nord.
Bandet 9 grader nord spelar under Festspela i Aasentunet søndag 13. juni. Foto: pressefoto
Festivalprodusent Mathias Remmereit opplyser at smittevern vil vere høgt prioritert undert årets Festspel. Foto: Simon Sjøkvist

Når Festspela blir arrangert 10.–13. juni, lovar Nynorsk kultursentrum og Aasentunet ei festivaloppleving innanfor trygge rammer og med alle naudsynte smittevernomsyn. Festvalprogrammet blir lansert i dag.

Vi ser for oss lysare tider i juni, og gjennom fire dagar kan ørstingar og voldingar samlast for å feire språket vårt og språkmangfaldet og nyte gode, kunstnarlege opplevingar. Festspela 2021 skal løfte aktuelle problemstillingar i samtida, som konspirasjonsteoriar og klimaendringar, landbruk og vindmøller, og samtidig løfte fram både underhaldande og givande skjønnlitteratur. Festspeldiktar Sigmund Løvåsen kan du sjølvsagt oppleve kvar dag gjennom festivalen.

På Studenthuset Rokken og i Ørsta kulturhus blir det både moderne popmusikk og eksperimentell tango. I Volda kyrkje blir det 12-konsert med unge, talentfulle musikarar som skal framføre verk av Aasmund Olavsson Vinje og Edvard Grieg. Ivar Aasen-stemnet, som bygger på ein tradisjon frå 1800-talet, blir gjennomført ute i Aasentunet, slik som det har vore tidlegare. Stemnet blir ei frisk oppleving med bergensbandet 9 grader nord og stemnetalar Kjartan Fløgstad.

– Med noko reduserte rammer er vi trygge på at vi kan gjennomføre festivalen og skape gode kulturelle opplevingar med naudsynte smitteverntiltak på plass, seier festivalprodusent Mathias Remmereit. – Vi gler oss stort over å kunne samle folk til spennande opplevingar om språk, litteratur, musikk og meir, fortel han.

Nytt av året er «Seminarpass fredag» og «Seminarpass laurdag» – éin billett som gir tilgang til alle arrangementa i Aasentunet den aktuelle dagen.

– Vi lanserer seminarpassa fordi vi veit at delar av publikummet vårt har ei særskild interesse for denne delen av programmet. I tillegg er dette eit enkelt smitteverntiltak fordi vi avgrensar talet på gjester som kjem og går i løpet av dagane i Aasentunet, avsluttar arenaleiar ved Aasentunet Olav Øyehaug Opsvik.

Festspela 2021 blir gjennomført i Aasentunet, i Ørsta, og i Volda 10.–13. juni. Heile programmet finn du på her.

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk