Foto av Reidar Djupedal
Språk- og kulturforskar Reidar Djupedal. Foto: Selja Forlag / CC BY-SA

Gjennomfører jubileumsarrangement med særskilde tiltak

Aasentunet feirar språkforskaren Reidar Djupedal torsdag 5. august, som også er Ivar Aasen sin fødselsdag. Arrangementet blir gjennomført med ekstra smitteverntiltak.

– Aasentunet har halde stengt på dagtid nokre dagar siste veka, med omsyn til det pågåande smitteutbrotet i Ørsta og Volda. Etter ei grundig vurdering og avklaring med kommunen vil museet gjennomføre det planlagde arrangementet komande torsdag med ekstra smitteverntiltak, seier arenaleiar Olav Øyehaug Opsvik.

Under jubileumsarrangementet, som markerer at det i år er 100 år sidan Djupedal vart fødd, blir det godbitar frå samlingane hans, mellom anna fleire handskrifter etter Ivar Aasen. Tove Bull fortel om det viktige arbeidet til Djupedal, og dei som kjem til Aasentunet, får også høyre borna til Djupedal fortelje om faren sin, og det vert musikkinnslag ved Malin Victoria Alander.

– Vi er svært glade for å kunne invitere til dette jubileumsarrangementet for ein viktig språk- og kulturforskar. Reidar Djupedal er også svært sentral for oss som institusjon. Han var den første som lanserte ideen om ein større kulturinstitusjon i Åsen, seier Tone Slenes, avdelingsleiar for nynorsk skriftkultur i Nynorsk kultursentrum.

I tillegg til ordinære smittevernreglar og -omsyn har arrangøren innført desse tiltaka:

  • Maks 30 gjester
  • Publikum på annakvar rad og med minimum to seter mellom kvar kohort
  • Ekstra personale for å sikre trygg gjennomføring
  • Vi oppmodar gjestar om å bruke munnbind i situasjonar der det er vanskeleg å halde avstand

 

Les meir om arrangementet og kjøp billett her.

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk