Dikt og verk

«Det mest karakteristiske ved Ivar Aasen som diktar, er at han er så europeisk og moderne.» Orda tilhøyrer professor i nordisk litteratur, Willy Dahl, og blei sagt i dokumentaren om Ivar Aasen frå 1996. Ivar Aasen skreiv dikt, skodespel og prosastykke, og var slik sjølv med på å leggje grunnen for den nynorske skjønnlitteraturen.

Nedanfor vil du finne eit oversyn over verka til Aasen, inndelt etter sjanger. Der vil det i mange høve liggje lenkjer til pdf-filer av verka, eller bøker som er skanna av Nasjonalbiblioteket og lagt ut på NB.no.

Sentrale verk

Dei 12 mest sentrale vitskaplege og skjønnlitterære verka til Aasen, ordna kronologisk Det finst omtaler for alle verk, og mange digitale utgåver.

Det norske Folkesprogs Grammatik (1848)
Digital utgåve av «Fortale» (2002), lenkje til NB.no og omtale

Ordbog over det norske Folkesprog (1850)
Digital utgåve og omtale

Søndmørsk Grammatik (1851)
Digital utgåve og omtale

Prøver af Landsmaalet i Norge (1853)
Digital utgåve (1997) og omtale

Ervingen (1855)
Digital utgåve (1997) og omtale

Norske Ordsprog (1856)
Digital utgåve og omtale

Symra (1863)
Digital utgåve (1997) og omtale

Norsk Grammatik (1864)
Digital utgåve (1997) og omtale

Norsk Ordbog (1873)
Digital utgåve (1997) og omtale

Heimsyn (1875)
Digital utgåve (1997) og omtale

Norsk Maalbunad (1876/1925)
Digitale utgåver (1997) og omtale

Norsk Navnebog (1878)
Digital utgåve (1997) og omtale

Skjønnlitteratur

Dikt

Dei fleste dikta til Aasen er prenta i Skrifter i Samling, band I :
– Fem Viser i søndre Søndmørs Almuesprog (1842)
– Tvo nye Visor (1851)
– Symra (3. utg. 1875)
– Einstaka dikt
– Etterleivde dikt I
– Etterleivde dikt II (lausvers og brot)
– Omsette dikt og salmar

I tillegg skreiv Aasen desse dikta som er nærare omtala nedanfor:
– Ungdomsdiktinga (før 1840)
– Tre nye Sange (1844)

Ungdomsdiktinga (før 1840)
Aasen tok til med diktinga i ungdomen, før han byrja med språkarbeidet, og det finst ei mengd dikt etter han frå 1830-åra. Med nokre få unntak har dei aldri vorte prenta. Dei fleste har eit kristeleg innhald og er skrivne på eit noko stivt dansk, og Aasen ville seinare ikkje vedkjenna seg denne produksjonen.

Tre nye Sange (1844)
Dei tre songane var på dansk og hadde titlane «En ny Vise om Lykkens Ubestandighed», «Mennesket» og «Opmuntring til Glæde». Dei kom ut anonymt på Ekset i 1844 og er ikkje prenta seinare.

Voni (1891)
Dette diktet signerte Ivar Aasen 12. juni 1891, nær 79 år gamal. Diktet er ei helsing til Ingeborg Alsaker-Nøstdahl, f. Digernes, som var frå Ørsta. Kring 1890 gjesta ho Ivar Aasen fleire gonger.
Skodespel og dialogar

Alle skodespela og dialogane Aasen skreiv, er prenta i Skrifter i samling, band II:
·  Samtale imellem to Bønder (1849)
·  I Marknaden (1854)
·  Ervingen (1855)
·  Sidste Kvelden (1887)

Omsette prosastykke

Dei viktigaste prosastykka Aasen omsette, er prenta i Skrifter i samling, band III:
·  Fridtjofs Saga (1858)
·  Av «Adam Bede», av G. Eliot (1861/1901)
·  Den raadvise Riddaren don Quixote, av la Mancha (1873/1901)

Aasen omsette i tillegg nokre småstykke som er prenta i Prøver af Landsmaalet i Norge (1853). Fire av stykka er prenta i Skrifter i Samling, band III.

Andre omsetjingar:
Den burtkomne sonen (1896)

Sakprosa

Språkvitskap og språkpolitikk

Stykke prenta i Skrifter i  samling, band III

Om vort Skriftsprog (1836/1909) (på nynorsk 2006)
· Norske Viser og Stev i Folkesproget [melding] (1848)
· Folkevennen [melding] (1852)
· Mere om det norske Sprog (1852)
· Om Dannelsen og Norskheden (1857)
· Om Sprogsagen (1858)
· Um «Ny Hungrvekja» (1858)
· Minningar fraa Maalstriden (1859)
· Budstikkens Oplysninger om Sproget (1861)
· Atterførsla (1887/1904)

Arbeid som er nærare omtalte nedanfor
· Om en Ordbog over det norske Almuesprog samt en dertil hørende Grammatik (1846)
· En liden Læsebog i Gammel Norsk (1854)
· Grundtanker til en Afhandling om en norsk Sprogform (1854/1917)
· Om de latinske Bogstaver (1854)
· Om Udtalen af skj og sj (1856)
· Lidt mere om Sprogsagen (1858/1958)
· Til en dansk-norsk Ordbog (manus 1883)
· Bidrag til vort Folkesprogs Historie (1885/1953)

Om skriftspråket vårt (omsetjing 2006)
Aasen var 22 år gammal då han i 1836 skreiv «Om vort Skriftsprog» – eit tenkt innlegg til ein aktuell språkdebatt. Dette programskriftet for hans eige livsverk låg endeleg føre på moderne nynorsk i 2006, omsett frå dansk med merknader av Ottar Grepstad. 

Om en Ordbog over det norske Almuesprog samt en dertil hørende Grammatik (1846)
Dette var Aasens språkvitskaplege debutartikkel, skriven i Trondheim etter at han var ferdig med innsamlingsferda 1842-45. Han var no komen langt med systematiseringa av språktilfanget. Her fortel Aasen korleis han hadde gått fram under innsamlingsarbeidet, han la fram nokre av resultata frå granskingane, og han greidde ut om korleis han tenkte seg grammatikken og ordboka som kom i 1848 og 1850. Det var sentralt for han å få fram likskapen mellom dei norske målføra, og han argumenterte for å laga éin grammatikk og éi ordbok, ikkje grammatikkar og ordbøker for kvart målføre slik nokre hadde meint. Det ville gjort det mykje vanskelegare å byggja eit nytt skriftmål seinare, noko Aasen hadde planar om i 1846, men ikkje skreiv. Avhandlinga vart prenta i Det Kongelige Norske Videnskabers-Selskabs Skrifter i det 19de Aarhundrede, Trondheim 1846, og er tilgjengeleg i band fem i serien Skrifter frå Ivar Aasen-selskapet: Målsamlingar frå Trondhjems og Tromsø Stifter av Ivar Aasen (1998, Norsk Bokreidningslag). I 2012 transkriberte vi teksten frå gotisk til latinske bokstavar sjølv, og artikkelen er tilgjengeleg i lenkja over. 

En liden Læsebog i Gammel Norsk (1854)
Aasen var oppteken av at vanlege folk skulle få innsikt i norrønt (gamalnorsk). Det norrøne målet hadde høg status i Noreg på 1800-talet, og Aasen vona folk ville bli meir positive til målføra og landsmålet når dei såg samanhengen mellom det gamle og det nye språket. I ei innleiing på ni sider gjev Aasen ei innføring i lydverket og bøyingssystemet i norrønt. Deretter følgjer 30 korte stykke på norrønt. Heile boka er på 46 sider og har ikkje vorte prenta opp att seinare.

Grundtanker til en Afhandling om en norsk Sprogform (1854/1917)
Aasen hadde lagt fram landsmålsnormalen i Prøver af Landsmaalet i Norge (1853). I «Grundtanker» greier han ut om dei vitskaplege og språknormerande prinsippa han hadde følgd i arbeidet med normalen, og artikkelen gjev ei god innføring i korleis Aasen tenkte då han laga landsmålet. Sjølve artikkelen er på 16 sider medan ei «Exempel-Samling» fyller 12 sider. Aasen prenta aldri stykket, truleg fordi han var redd meir strid om landsmålet. Det vart prenta fyrste og einaste gong i tidsskriftet Maal og Minne i 1917 (ved Knut Liestøl).

Om de latinske Bogstaver (1854)
På 1800-talet var det strid om ein skulle bruka gotisk skrift (fraktur), som var det vanlege, eller latinsk skrift (antikva) som mange meinte var lettare å læra. Aasen var ein sterk motstandar av latinsk skrift fordi han meinte allmugen kunne gotisk skrift best og at det berre var til bry for vanlege folk å endra skrifttype. Han meinte det ville ta merksemda bort frå viktigare sider ved språkspørsmålet. Den latinske skrifta avløyste likevel den gotiske i løpet av 1800-talet. Stykket vart prenta anonymt i Morgenbladet 20.4.1854 og er ikkje prenta seinare.

Om Udtalen af skj og sj (1856)
Stykket gjeld uttala av bokstavkombinasjonane «skj» og «sj» på Vestlandet, og Aasen skreiv det på oppmoding frå ein innsendar som lurte på noko Aasen hadde skrive i Det norske Folkesprogs Grammatik. Prenta i avisa Christiania-Posten 30.1.1856 og i Brev og dagbøker II (1958).

Lidt mere om Sprogsagen (1858/1958)
Stykket inneheldt svar på kritikken Aasen hadde fått etter innlegget «Om Sprogsagen» og var det andre innlegget Aasen skreiv i målstriden hausten 1858. Han sette likevel aldri stykket på prent sjølv. Det vart funne i papira hans og prenta i Brev og dagbøker II (1958).

Til en dansk-norsk Ordbog (manus 1883)
Dette ordboksmanuskriptet skil seg frå ordbøkene Aasen gav ut ved at oppslagsorda er på dansk og ordforklaringane på norsk. Alt i 1840-åra tenkte Aasen seg at det burde lagast ei slik ordbok. For dei som ønskte å skriva landsmål, ville det vera ein stor fordel om det fanst ei ordbok med oppslag på dansk, som var det skriftmålet folk kunne. I 1880 tok Aasen fram ideen att, og i juni 1883 var han ferdig med eit manuskript på 12-14.000 ord (346 tettskrivne sider). Ein av grunnane til at Aasen ikkje fekk prenta det, var nok at han tykte ordforklaringane var for knappe. På slutten tok han òg til å få problem med helsa. Til en dansk-norsk Ordbog låg uprenta heilt til 2000 då det vart gjeve ut av Jarle Bondevik, Oddvar Nes og Terje Aarset i skriftserien til Ivar Aasen-selskapet.

Bidrag til vort Folkesprogs Historie (1885/1953)
På sine gamle dagar skreiv Aasen denne korte språkhistoria på vel 30 sider, den einaste språkhistoria han skreiv. Her greier han ut om korleis det norrøne skriftmålet gjekk under, kva kjelder som fortel om norsk mål i dansketida og om korleis det norske målet overlevde mellom allmugen. Føremålet var klart språkpolitisk: Aasen ville syna kor historisk rett og naudsynt landsmålet var. Stykket kom truleg ikkje på prent fordi tidsskriftet det skulle stå i, Norvegia, gjekk inn. Det vart fyrste gong prenta i 1953, i Norsk folkemål (festskrift til Halvdan Koht).

Namn og nemningar

Som ein del av språkarbeidet var Aasen oppteken både av stad- og personnamn, nemningar og terminologi. Dei største verka hans på området var Norsk Maalbunad (1876/1925) og Norsk Navnebog (1878).

Av dei mindre arbeida er eitt prenta i Skrifter i samlinga, band II:
· Um Namnet Oslo (1866)

Arbeid som er nærare omtala nedanfor:
· Søndmørske Stedsnavne (1840/1987)
· Om norske Folkenavne (1854)
· Register over norske Folkenavne (1855)
· Norske Plantenavne (1860)
· Om Benævnelsen Krone og Øre (1873)
· Skrivemaade for Stedsnavne (1874/1958)
· Om Stedsnavne (1874/1958)

Søndmørske Stedsnavne (1840/1987)
Dette er ei liste med 320 stadnamn som Aasen laga i samband med dei andre arbeida om sunnmørsmålet. Det Aasen skriv om namnet «Solnør» skal dessutan vera den fyrste lengre norske artikkelen om eit einskilt stadnamn. Stykket vart ikkje prenta før i 1987, i Namn og nemne.

Om norske Folkenavne (1854)
Register over norske Folkenavne (1855)
Aasen var oppteken av at den gamle norske namnetradisjonen skulle haldast i hevd og at nyare «fuskarnamn» (særleg utanlandske namn) ikkje vart brukte. Det var bakgrunnen for desse to artiklane som hekk nært saman. Dei vart prenta i Folkevennen som skulle nå ut til vanlege folk — dei Aasen ville nå med oppmodingane sine. Dei to arbeida kan reknast som eit førearbeid til Norsk Navnebog (1878) og er ikkje prenta seinare.

Norske Plantenavne (1860)
I ungdomen var botanikken (plantelæra) den store interessa til Aasen attåt språkarbeidet. Frå 1841/42 kom språkarbeidet i sentrum, men interessa for plantar og særleg plantenamn heldt seg. På innsamlingsferdene noterte han plantenemningar han fann i målføra, og i artikkelen «Norske Plantenavne» systematiserte han desse opplysningane. Artikkelen er eit register over norske plantenamn der Aasen følgjer inndelinga til den svenske botanikaren Linné. Bak dei latinske namna har han ført opp dei ulike norske nemningane han har funne. Artikkelen vart prenta i P. C. Asbjørnsens tidsskrift Budstikken i 1860 og er ikkje prenta seinare.

Om Benævnelsen Krone og Øre (1873)
Aasen kunne ikkje skjøna kvifor styresmaktene ville byta ut dei innarbeidde myntnemningane «speciedaler» og «skilling» med «krone» og «øre». Artikkelen stod i Dagbladetnr. 86B, 1873, signert «I.A.», og han er prenta i Brev og dagbøker II (1958).

Skrivemaade for Stedsnavne (1874/1958)
Om Stedsnavne (1874/1958)
Aasen interesserte seg aldri så mykje for stadnamn som for personnamn, men han var oppteken av at ein skulle ta vare på gamle namn og kvitta seg med dei mange forvanska og fordanska namneformene som var i bruk. Han meinte ikkje at namna skulle skrivast mest mogleg likt målføreformene. Det trongst normalisering, men ho måtte følgja norske prinsipp (landsmålet), og ikkje danske skrivereglar slik det var vanleg. Aasen gjorde aldri ferdig dei to stykka, og dei vart ikkje prenta før i Brev og dagbøker II (1958).

Reiseskildringar og folkelivsskildringar

Desse reiseskildringane, forma som dagbøker, er prenta i Skrifter i Samling, band II :
· Dagbog paa en Reise til Bergen 1841 (1841/1911)
· Dagbog paa en Reise til Trondhjem 1842 (1842/1911)
· Erindringer af mine Reiser 1842-45 (1846/1911) [utdrag]

Reiseskildringar, prenta i Skrifter i Samling, band I :
· Dovrefjell (1859/1911)
· Justedals-Breden (1862)

Folkelivsskildringar, prenta i Skrifter i Samling, band I :
· Sildefiske paa Bergenskysten (1854)
· En Sildebod i Bergen (1858)
· Kortspillerne (1858)
· St. Hansaften paa Landet (1858)
· Storm og Stilla (1862)

Ymse utgreiingar

Her er ymse sakprosastykke samla. Fleire av dei er kulturpolitiske meiningsytringar, men dei er ikkje førte opp under dei språkpolitiske stykka fordi dei har eit meir allmennkulturelt og allmennpolitisk innhald.

Frå Skrifter i samling, band I:
·  Selvbiografi (1841)
·  Benkjevigsla. Skjemtebrev fraa Landet (1855)

Frå Skrifter i samling, band II:
·  Um Vanen (1852?/1912)
·  Brev om Kulturen, av «Ohle Ohlzén» (1859)
·  Ettersleng til 17de Mai (1864/1912)
·  Talar fyre tome Stolar (1864/1912)
·  Aasmund Vinje [nekrolog] (1870)

Arbeid som er nærare omtala nedanfor:
·  Tjodseden (1864/1958)
·  Femtiaarsfesten (1864/1958)
·  Tusundaarsfesten (1872/1958)

Tjodseden (1864/1958)
Femtiaarsfesten (1864/1958)
Desse to stykka kan saman med «Ettersleng til 17de Mai» (1864/1912) reknast som førearbeid til «Talar fyre tome Stolar (1864/1912)». «Ettersleng» og «Talar» er prenta i Skrifter i Samling, band II. Aasen skreiv stykka i samband med femtiårsfeiringa for Grunnlova i 1864. Dei er nokre av dei mest bitande polemiske stykka han skreiv, og han er ikkje nådig mot eliten i landet som feirar den politiske fridomen med store ord, men ikkje vil gjera noko med den språklege og kulturelle ufridomen. Ingen av stykka vart prenta i Aasens levetid. «Talar» og «Ettersleng» vart fyrst prenta i 1912, og «Tjodseden» og «Femtiaarsfesten» måtte venta til Brev og dagbøker II (1958).

Tusundaarsfesten (1872/1958)
Dette vesle stykket skreiv ein opprørt Aasen medan tusenårsjubileet for rikssamlinga stod på i 1872. Det minner mykje om dei stykka Aasen skreiv til grunnlovsjubileet i 1864. Det vart ikkje prenta før i Brev og dagbøker II (1958).

Folkeminne

Norske Ordsprog (1856/1881) er det største arbeidet om folkeminne Aasen gav ut. I Norske Minnestykke (1923, utgjeve av Jens Lindberg) er folkeminnestykka til Aasen samla.

Fleire av segnene og eventyra Aasen samla, er prenta i Prøver af Landsmaalet i Norge (1853).

Segner og eventyr i Skrifter i Samling, band I :
· Riddar Rev (1850-åra/1911)
· Ola Klok (1850-åra/1911)
· Konkel i Kungsgarden (1850-åra/1902)
· Mannehausen (1855)
· Sven Urædd (1859)
· Haugtussen (1860)
·  Huldre-Gaava (1860)

Utgreiingar om folkeminne i Skrifter i Samling, band II :
· Um Folkasegner paa Island (1862)
· Merkedagarne (1863)
· Um sjeldsynte Dyr i Sjoen (1878)

Skrifter i Samling I-III

I 1911-12 kom Skrifter i Samling. Trykt og utrykt ut i tre band, redigert av Knut Liestøl. Dette er den største og mest brukte samleutgåva av skriftene til Aasen, og ho kom i fotografisk opptrykk i ei eittbandsutgåve i 1996, og er framleis å få i bokhandelen.
 
Skrifter i Samling har ikkje med dei store språkvitskaplege verka til Aasen, som grammatikkane og ordbøkene. Av dei mindre verka er det gjort eit utval av dei mest sentrale trykte og utrykte verka til Aasen. 

Innhaldet i dei tre banda fordeler seg slik:

Band I:
Selvbiografi
 (1841)
Dikt: Fem viser (1843), Symra (3. utg., 1875), einstaka dikt, etterleivde dikt, omsette dikt

Forteljingar og skildringar

Eventyr og segner

Band II:
Rødor og spelstykke, m.a. Ervingen (1855),
Dagbøker og reiseminne [eit lite utdrag]
Ymse utgreidingar
Heimsyn (1875)
 
Band III:
Målsoga og målsak [dei mest sentrale målpolitiske artiklane]
Norsk Navnebog (1878)
Umsetjingar [m.a. Fridtjofs Saga (1858)]

Manuskriptutgåver

Utanom breva og dagbøkene, etterlet Aasen seg ei stor mengd notatar, kladdar og manuskript som i dag ligg i Aasen-arkivet. Ein del av dei mindre stykka er prenta i Brev og dagbøker (sjå òg bibliografien). 

Sidan 1992 har Ivar Aasen-selskapet ved Jarle Bondevik, Oddvar Nes og Terje Aarset gjeve ut manuskript etter Aasen i Skrifter frå Ivar Aasen-selskapet, serie A tekster.

I oktober 2006 kom det siste av dei ti banda med grammatiske oppskrifter, ordlister og manuskript ut:

  • Sunnmørsgrammatikkane av Ivar Aasen (A1, 1992)
  • Målsamlingar frå Sunnmøre av Ivar Aasen (A2, 1994)
  • Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen (A3, 1995)
  • Målsamlingar frå Christiansands og Agershuus Stifter av Ivar Aasen (A4, 1997)
  • Målsamlingar frå Trondhjems og Tromsø Stifter av Ivar Aasen (A5, 1998)
  • Målsamlingar 1851-1854 av Ivar Aasen (A6, 1999)
  • Målsamlingar 1855-1861 av Ivar Aasen (A7, 2001)
  • Målsamlingar 1862-1883 av Ivar Aasen (A8, 2002)
  • Namnesamlingar av Ivar Aasen (A9, 2006)
  • Dansk-norsk Ordbog av Ivar Aasen (A10, 2000)

I Serie B, kommentarar og studiar, er det kome eitt band:

  • Ivar Aasen-studiar 1 (B1, 1998)

 

Bøkene kan kjøpast hjå Norsk Bokreidingslag, som er forlag for seriane.

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk