Ivar Aasen

Kort om Ivar Aasen

Ivar Aasen var vitskapsmannen som la grunnlaget for eit nynorsk skriftspråk. Han var òg diktaren som skreiv dei kjende linjene «Mellom bakkar og berg utmed havet», som er opningsorda til diktet «Nordmannen».

Då Ivar Aasen (1813–1896) vaks opp i Ørsta og Volda på Sunnmøre tidleg på 1800-talet , hadde ikkje Noreg eit eige skriftspråk. Dansk dominerte, og slik hadde det vore i fleire hundre år. Frå han var 29 år i 1842, arbeidde Ivar Aasen på heiltid for at også nordmenn skulle få sitt eige skriftspråk.

Dei fleste skriftspråk i verda tek anten utgangspunkt i éin dialekt i eitt område, eller prøver å finne fellestrekk mellom fleire dialektar. Ivar Aasen meinte det siste var mest demokratisk. Han tok utgangspunkt i at folk flest skulle kunne skrive nærmast mogleg førstespråket sitt, slik at ein slapp å gå omvegen om dansk.

Arbeidet til Ivar Aasen var vitskapleg. Språkprofessor Tove Bull kallar Aasen den største norske språkforskaren og grunnleggjaren av den moderne dialektvitskapen i Noreg. Aasen granska dei norske bygdedialektane frå heile landet nøye og leitte etter orden, system, samanheng og ulikskapar. Men det var ikkje berre talemåla Aasen såg på; han samla inn eventyr og segner, merkte seg klesdrakter og veremåtar og dokumenterte norske ordtak og norsk namneskikk.

Målet om eit norsk skriftspråk førte Ivar Aasen ut på reiser gjennom landet frå Lindesnes i sør til Tromsø i nord. Til saman reiste han like langt som ein biltur frå Ørsta til Cape Town og tilbake. Det gjorde han til ein av dei personane som kjende Noreg best på 1800-talet.

Norsk kultur har vore styrt frå fleire stader i Noreg, ikkje frå eitt kultursentrum. Både kunsten, ideane og pengane har kome frå fleire delar av landet. Aasen arbeidde vidare i denne tradisjonen. Han studerte talespråket til folk i Noreg, og kom fram til det skriftspråket vi i dag kallar nynorsk.

Aasen og dei andre første nynorskbrukarane meinte at kort avstand mellom skrift og tale kunne gjere det enklare for fleire å delta i samfunnet. Arbeidet hans har medverka til at Noreg er eitt av landa i verda der vi kan snakke dialekt i alle sosiale situasjonar, også i riksmedia, på arbeid og i Stortinget.

Dei to første dikta til Aasen blei trykte allereie då han var 19 år gammal. Det var to skillingsviser. Seinare kom fleire skodespel, songar og dikt. «Nordmannen» er det mest kjende og brukte diktet av Ivar Aasen, og står i den einaste diktsamlinga Aasen gav ut: Symra (første gong utgitt i 1863). Aasen kalla dikta sine for visor, og det var såleis meininga at dei skulle syngjast.

Blant dei viktigaste utgivingane til Ivar Aasen er Prøver af Landsmaalet i Norge (1853), Ervingen (1855), Symra (1863), Norsk Grammatik (1864), Norsk Ordbog (1873), Norsk Navnebog (1878) og Norske Ordsprog (1881).

Då Ivar Aasen døydde 23. september 1896, hadde nynorsk vore likestilt med dansk i elleve år, men ingen hadde enno fullført grunnskulen på nynorsk. Det skjedde først året etter, i 1897 , i Bygland i Aust-Agder og Modalen og Osterøy i Hordaland. Aasen fekk også oppleve å lese dei første nynorske avisene og bøkene og at det Det Norske Samlaget blei skipa i 1868. Nesten all nynorsk litteratur er likevel gitt ut etter at han døydde.

Utan dokumentasjonen og forskinga til Reidar Djupedal, Ottar Grepstad, Jan Inge Sørbø, Stephen J. Walton og Terje Aarset hadde minnet om Ivar Aasen vore annleis og mindre fullstendig.

KJELDER

Tove Bull: «Ivar Aasen», Norsk biografisk leksikon [lesedato 3.12.2019]
Otar Grepstad: «Ivar Aasen», allkunne.no [lesedato 3.12.2019]
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Oslo 2018
Peder Hovdan-protokollen

Denne teksten er publisert med lisensen CC-BY-SA. Bruk gjerne denne teksten, men skriv at denne sida er kjelda.

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk