Ivar Aasen-tunet stengt for publikum til og med 19. juni

Arrangement, utstillingar og utleige er stengt til og med 19. juni.  De kan handle i museumsbutikken på handlenett.no. Dei tilsette er tilgjengelege per e-post som vanleg.

Nynorsk kultursentrum følgjer opp smitteverntiltaka frå styresmaktene og held alle musea inkludert Ivar Aasen-tunet stengt for publikum til sommarsesongen opnar 20. juni.  

Me arbeider med å greie ut løysingar for å tilby omvisingar og avbrekk for små grupper (under fem personar). Det kjem me tilbake til når det er klart. 

Dei nynorske festspela vert i år digitale. Mange av utøvarane som skulle til Ørsta og Volda lagar i staden digitale samtalar og opplevingar som blir publisert på nynorsk.no i mai, juni og juli.

Kjøp gjerne bøker og gåver frå museumsbutikken på handlenett.no

Nynorsk kultursentrum har sett i gang det digitale formidlingsprosjektet: «Aleine saman. Kultur i koronatider». Her deler forfattarar, journalistar musikarar, teikneserieskaparar og andre kunstnarar tankar i tida på nynorsk.no.

Følg oss gjerne på Facebook og Instagram.

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk