Slå av ein prat med Milan og Anette på laurdag!

Illustrasjonsbilete kafeleiar ved Ivar AasenMilan Ilic og Alti
Laurdag 1. februar tilbyr kafeleiar i Ivar Aasen-tunet, Milan Ilic og Anette Westre frå Bakeriet Westre prøvesmaking av tunpølsa og tunbrødet på Alti Ørsta.

Laurdag 1. februr vil kafeleiar i Ivar Aasen-tunet, Milan Ilic, og Anette Westre frå Bakeriet Westre tilby tunpølse og tunbrød frå Åsen ved Bakeriet Westre hos Alti Ørsta. Der blir det høve til å både få ein smak og slå av ein prat.  

Milan Ilic har jobba i kafeen i Ivar Aasen-tunet sidan det opna med nytt bygg i 2000. Der har han ynskt tusenvis av gjester velkomen og servert både søt og salt mat året rundt. Komande laurdag kan du treffe han ved Alti Ørsta og lære meir om produkta han utvikla i samband med 200-årsjubileet for Ivar Aasen i 2013.

– I Aasen-tunet er vi opptekne av kvalitet, god smak og kortreist mat, fortel Milan, som ser fram til å treffe mange svoltne sunnmøringar på kjøpesenteret. Publikum kan få smaksprøver og kjøpe med seg både tunpølse og tunbrød til gode prisar.

I 2013 gjekk Ilic inn i samarbeid med stolte lokalprodusentar, Westre bakeri og Ole Ringdal AS, for å skape både tunbrød og tunpølse frå Åsen. Det er Milan sine eigne oppskrifter som er grunnlaget for produkta, og desse er framleis populære og tilgjengelege i fleire butikkar i tillegg til Aasen-tunet sin eigen kafé.

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk