Åvelte

er 'ei omsnudd stilling der ein ligg med føtene i vêret'.

(substantiv hokjønn)
er 'ei omsnudd stilling der ein ligg med føtene i vêret'. Det vert helst brukt om dyr, t.d. sauer og kyr, men ein krakk kan òg 'liggja i åvelte'. Ordet finst - eller har funnest - i store delar av landet, også med variantar som åvelta, åvelt, åveltes, i åvelta o fl.