Ovund

At ovund (misunning) er ei sterk kraft...

(substantiv hokjønn)
At ovund (misunning) er ei sterk kraft, har folk alltid visst. Ovund tærer gråstein, sa dei i Telemark. Ovund kunne gjera folk vondøygde: eit augnekast kunne få mjølk til å surna. Difor heiter det: Nykarda ull og nybaka flatbrød skal ikkje ovunds auga sjå. M.a.o.: Gøym det unna!