Olle

er det same som "ei bylgje" eller "ein dønning"

(hokjønn)
Olle er det same som "ei bylgje" eller "ein dønning". Ordet er godt kjent på Vestlandet, særleg blant sjøfolk og fiskarar. Det er i slekt med "alde", som tyder det same. Eit anna likelydande hokjønnsord "olle" tyder derimot "oppkome","kjelde" eller "vassåre". Det har samanheng med verbet "å vella", som tyder "strøyma" eller "fossa fram".

 

Også dette ordet har vid utbreiing i dialektane våre, særleg sønnafjells.