Om dagens ord

Godbitar frå Norsk Ordbok

Databasen til Norsk Ordbok 2014 inneheld 3,2 millionar ordsetlar. Her får du vite litt meir om nokre av dei. Orda blir plukka fritt i dialektane og nynorsk-litteraturen og får ei kort forklaring og kanskje eit døme på ordet i bruk.

Det er redaksjonen i Norsk Ordbok 2014 som leverer desse små vitnemåla frå rikdommen i norsk språk. Dei som vil vite meir om orda, eller har kommentarar, er velkomne til å ta kontakt.

Adresse
Norsk Ordbok 2014,
Postboks 1021 Blindern,
0315 Oslo.
E-post: olaf.almenningen(a)inl.uio.no
Nettstad: http://no2014.uio.no/