Temautstilling_nynorsk vinyl NETT.jpg
Foto: Plateomslag frå utvalde vinylplater

Temautstilling 24. januar til 31. mai 2019: Nynorsk vinyl

Når:
-
Kvar:
Aasen-tunet, basisutstillinga, opningstider 10-16, søndagar 12-17
VaksenFamilieBarnStudentHonnørGruppe
10022050407070

Platesamlar Arild Torvund Olsen er primus motor bak ei ny temautstilling om nynorsk musikk på vinyl.

I utstillingsbilletten følgjer det med ein utstillingskatalog på 24 sider, skriven og formgitt av Arild Torvund Olsen. Utstillinga har ein videoinstallasjon der Torvund Olsen fortel om historia, og du kan lytte til songar og sjå videoklipp frå vinylhistoria. Kjernen i utstillinga er likevel platesamlinga til Torvund Olsen. Det er også laga 12 plansjar med med ulike tematiske inngangar til historia, som blir fortalt gjennom kva andre har sagt og meint. 

Marie Lovise Widnes er ein av pionerane i soga om musikk på nynorsk, og skreiv historie då ho spelte inn 12 songar på to dagar for plateselskapet Philips i 1957. Sidan har fleire artistar kome til, og ein har fått utgivingar i dei fleste sjangrar. Arild Torvund Olsen har etter fleire års omhugsam leiting fått ei forvitneleg samling plater som blir stilte ut i Aasen-tunet. Han deler raust av kunnskapen sin gjennom ein ny utstillingskatalog, og publikum kan både sjå og lytte til ein video der samlaren fortel.

– I dag finst det eit stort utval av plater med tekstar på nynorsk, med alt frå akustiske viser til progressiv svartmetall. Det er interessant å sjå korleis dette mangfaldet har vakse fram, seier Torvund Olsen.

Målet med utstillinga er å vise fram nokre av dei som har gjort dei nynorske platene til viktige kulturberarar. Artistane, pionerane, tekstforfattarane, plateselskapa og institusjonane – saman har dei skapt og spreidd songskatten i rillene.

 

Utleigearr Ingen er homo i andrediv foto Det Norske Teatret.jpg
Foto: Knut Anders Sørum

Bygdepride: Ingen er homo i 2. divisjon

Når:
Kvar:
Salen, Ivar Aasen-tunet
Vaksen
100
Kjøp billettar

I samband med Bygdepride blir det kritikarroste teaterstykket Ingen er homo i 2. divisjon synt i Ivar Aasen-tunet. Stykket er skrive av Andreas Koschinski Kvisgaard, med Carl Morten Amundsen som medforfattar og regissør. Det handlar om homofili i fotballen, og kvifor det er så vanskeleg å stå fram som homofil om ein er fotballspelar. Når kjem denne siste bastionen for gammaldags maskulinitet til å falle? Framsyninga er mellom anna basert på samtalar med Raufoss fotballklubb og ein anonym fotballspelar på nettstaden Gaysir.

Speletid er om lag 40 minutt, i tillegg blir det prat på scenekanten etter framsyninga. Det blir også ei gratisframsyning for skuleelevar kl 13. Arrangør er Bygdepride.

Kunstnarleg lag:

Regissør: Carl Morten Amundsen
Skodespelar: Andreas Koschinski Kvisgaard
Medverknad: Ola Magnus Gjermshus
Produksjonsleiar: Maud Monceyron Jonassen
Scenografi og kostyme: Beate Marie Tindeland
Koreograf: Emilie Marie Karlsen