Ledig stilling: kommunikasjonsrådgivar
Frå utstillingaFoto: Kib og Morits

Ledig stilling: kommunikasjonsrådgivar

Er du ein skrivefør strateg med interesse for kultur, arrangement, reiseliv og marknadsføring? Nynorsk kultursentrum søkjer ein kreativ kommunikasjonsrådgivar som formidlar kunnskap og opplevingar for å gjere det enklare og kjekkare å vere nynorskbrukar.

Stiftinga Nynorsk kultursentrum eig og driv Ivar Aasen-tunet i Ørsta, Olav H. Hauge-senteret i Ulvik og Vinje-senteret i Vinje i Telemark, tre festivalar, det digitale oppslagsverket Allkunne, seks skuleturnéproduksjonar og forvaltar Vinje-fondet. Frå 2019 har Nynorsk kultursentrum 22 fast tilsette og ventar inntekter på om lag 32 millionar kroner. Kvart år har vi om lag 30 000 gjester på arrangement, festivalar, turnear og utstillingar i over 50 kommunar og 650 000 besøk på nettstadene våre.

Vi ser etter ein som tenkjer kreativt, digitalt og visuelt, følgjer med på den teknologisk utviklinga og trendar, og bruker dette aktivt til å finne strategiar for å nå målgruppene våre. Kommunikasjonsrådgivaren leier arbeidet med å utvikle og drive kommunikasjons-, marknadsførings og reisemålsarbeidet i Nynorsk kultursentrum. Hos oss får du høve til å arbeide strategisk, konkret, kommersielt, ideelt og politisk. Nærmaste overordna er direktøren.

Nynorsk kultursentrum driv tre museum, tre festivalar, ein barnenettstad, ein nettbutikk og arbeider med å lansere ny hovudside: nynorsk.no. Kommunikasjonsrådgivaren er redaktør for desse nettstadene, medan innhaldet i størst mogleg grad blir produsert av avdelingane. Erfaring med ulike publiseringsverktøy og sosiale medium kjem godt med. Røynsle frå innkjøp av formgiving og infrastruktur av nettstader er ein fordel. Den tilsette arbeider tett i lag med avdelingane om å planleggje og gjennomføre presse- og marknadsføringstiltak, og utviklar kontakt med mediemiljøa og reiselivsaktørane

Den som blir tilsett i stillinga er kontaktsøkjande i møte med relevante medium og samarbeidspartar. Ei viktig oppgåve er å finne kanalar som når dei ulike målgruppene til stiftinga.

Det er ein fordel med erfaring frå kommunikasjonsarbeid i kulturverksemder, medie- eller forlagsbransjen, forskingsinstitusjonar, reiselivet eller offentleg sektor. Du kjem lengst med høgare utdanning i marknadsføring, journalistikk eller kommunikasjon. Noko økonomi- og prosjektleiaransvar følgjer med stillinga.

Den som blir tilsett må rekne noko reising og helge- og kveldsarbeid. Alle nye medarbeidarar får grundig opplæring. Hos oss nyttar alle nynorsk i skriftleg kommunikasjon. Nynorsk kultursentrum er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke og tilbyd ein idémyldrande bedriftskultur, engasjerte kollegaer, mange innarbeidde rutinar, medlemskap i Statens pensjonskasse, avtalefesta pensjon, gruppelivsforsikring og løn etter avtale.

Stillinga er ledig frå 1. august 2019 og har kontorstad i Ivar Aasen-tunet i Ørsta. Fleire opplysningar får du hos direktør Per Magnus F. Sandsmark, tlf. 70 04 75 75 eller 908 12 196.

Grip sjansen: Send søknad med cv og relevante attestar som eitt samla PDF-dokument seinast måndag 27. mai 2019 til post@nynorsk.no.