Forteljingar i skogen

Forteljingar i skogen

Skogen og diktaren er gode vener. Skogen inspirerer og diktaren let seg inspirere. Dette samspelet har vore viktig i heile litteraturhistoria, ikkje minst i barnelitteraturen. Saman med DNT og lokale turlag for barn inviterer Vinje-senteret små og store til ein heilt eventyrleg tur i skogen med lokalt turvertsskap og gode forteljarar.