Krev respekt for språkmangfaldet i ny språklov

Krev respekt for språkmangfaldet i ny språklov

– Grunnlaget for språklova bør vere dei språklege rettane til innbyggjarane, ikkje språka i seg sjølve. Diskriminering og sjikane på språkleg grunnlag må gjerast like ulovleg som diskriminering på anna grunnlag. Det seier styret i Nynorsk kultursentrum i eit innspel til den nye språkmeldinga og språklova.

Nynorsk kultursentrum meiner språkpolitikken må ta utgangspunkt i språkbrukarane og behova dei har. Mykje av språkpolitikken kan vere lik og gjelde alle språk i Noreg, men med utgangspunkt i brukarane må også mykje av språkpolitikken vere ulik. Brukarane av dei ulike språka treng ulike tiltak for at dei skal vere reelt jamstilte.

I innspelet peikar Nynorsk kultursentrum på behovet for tiltak på seks ulike innsatsområde. Språk i det digitale Noreg, norsk fagspråk, offentleg sektor si rolle i språkpolitikken, institusjonar for nynorsk, nynorsk for barn og unge og geografisk målretta tiltak for nynorsk skriftkultur.

– Utgangspunkta for språkbrukarane er ulike. Det må språkpolitikken spegle. Det er annleis å vere brukar av det dominerande skriftspråket, bokmål, enn å vere brukar av nynorsk, norsk teiknspråk, dei samiske språka og dei nasjonale minoritetsspråka, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.

Lova bør slå fast at det ikkje er noko normert talemål i Noreg, og at retten folk har til å nytte dialekten sin, skal gjelde i alle offentlege samanhengar. Det ville vere eit viktig bidrag internasjonalt å synleggjere og stadfeste dette særnorske og viktige demokratiske fenomenet. Fridomen til å ytre seg ute slik ein ytrar seg heime, gjer det offentlege rommet meir tilgjengeleg for fleire.

Skriftkulturane bokmål og nynorsk er blant dei sterkaste skriftkulturane i verda. Skriftspråka blir brukte kvar dag i barnehagane, skuleverket, kulturlivet, sivilsamfunnet, den offentlege forvaltninga, rettsvesenet, media og næringslivet. Samstundes er norsk under press frå engelsk i vitskapen, underhaldningsindustrien og næringslivet. Det er derfor avgjerande at språkpolitikken ikkje er avgrensa til kulturpolitikken, men er eit avgjerande grunnlag for politiske val på mange samfunnsområde, heiter det i innspelet.

Her kan du lese heile innlegget frå Nynorsk kultursentrum