17 framlegg til ny språklov
Foto: Sunniva Lund Osdal

17 framlegg til ny språklov

I 2021 skal Stortinget vedta ei ny heilskapleg språklov. – Språklova bør vere offensiv og ta mål av seg til å forbetre stoda for språk i Noreg, skriv styret i sitt innspel til lova.

 Norsk språkpolitikk er forankra i fleire lover. Blant dei viktigaste er mållova, opplæringslova, universitets- og høgskulelova, stadnamnlova, barnehagelova og introduksjonslova. Noreg er òg knytt til minoritetsspråkpakta, som gir særleg vern til dei samiske språka, kvensk, romanes og romani. Samisk er særleg forankra i samelova, der forvaltningsområdet for samisk språk er regulert.

Nynorsk kultursentrum meiner det framleis er behov for språkpolitiske formålsparagrafar og lovreguleringar i ulike institusjons- og sektorlover, samstundes som sentrale føringar og tiltak i norsk språkpolitikk blir forankra i ei språklov med tilhøyrande forskrifter.

Språklova bør vere offensiv og ta mål av seg til å forbetre stoda for språk i Noreg. Ho bør, som i dag, ta utgangspunkt i språkbrukarane. Få lover er tydelegare på at staten er til for individet, enn lov om målbruk i offentleg teneste. Det er skriftspråket til einskildpersonane, einskildføretaka og kommunane sjølve som styrer kva språk kommunikasjonen skal gå på.

Nynorsk kultursentrum har desse 17 innspela til ei ny språklov:

1. Lov med forskrift: Nynorsk kultursentrum meiner det er behov for ei ny språklov med ei fyldig og gjennomarbeidd forskrift.

2. Overordna mål: Lova bør fastsetje ansvaret dei offentlege styresmaktene har for å sikre at innbyggjarane kan bruke norsk, med skriftspråka bokmål og nynorsk, norsk teiknspråk, dei samiske språka og dei nasjonale minoritetsspråka på alle samfunnsområde.

3. To norske skriftspråk. 12. mai 1885 blei Noreg ein av dei første offisielt fleirspråklege statane i verda, idet nynorsk og bokmål blei jamstilte som «Skole- og officielt Sprog». Den nye språklova må stadfeste dette: «Nynorsk og bokmål er to jamstilte skriftspråk, og begge skal vere samfunnsberande språk i Noreg.» Nemningane målform, hovudmål og sidemål kjem frå ei tid då den offisielle språkpolitikken var å arbeide for tilnærming mellom nynorsk og bokmål, med mål om eitt skriftspråk. I 2002 oppheva eit samrøystes storting tilnærmingspolitikken. Nynorsk og bokmål blir no normerte på kvart sitt grunnlag. Internasjonale konvensjonar og avtalar blir brukte til å sikre einskildmenneske og bedrifter rett til informasjon på eige språk. Dei særnorske termane gjer at språkmangfaldet i Noreg ikkje blir synleg nok. Ei norsk rettsleg avklaring om at det er to norske skriftspråk: nynorsk og bokmål, kan vere med på å gjere omverda meir medviten om at tilbod i Noreg bør vere på begge dei offisielle norske skriftspråka. Det kan igjen sikre at fleire aktørar bidreg til at varer, tenester og tilbod frå internasjonale styresmakter er på både nynorsk og bokmål. Derfor bør både lova og meldinga bruke omgrepet skriftspråk, ikkje målformer, om dei to norske skriftspråka.

4. Nasjonale urfolksspråk og minoritetsspråk. Lova bør omtale dei samiske språka som tre samiske språk, ikkje som eitt, og lovfeste norsk teiknspråk og dei nasjonale minoritetsspråka.

5. Språkrådet må vere forvaltningsorganet for dei norske språka og dei nasjonale minoritetsspråka. Organet må få lov- og forskriftsfesta mynde til å føre tilsyn over og følgje opp norsk språkpolitikk.

6. Språklege rettar for innbyggjarane. Grunnlaget for lova bør vere dei språklege rettane til innbyggjarane, ikkje språka i seg sjølve. Diskriminering og sjikane på språkleg grunnlag må gjerast like ulovleg som diskriminering på anna grunnlag. Alle tilsette i offentleg forvaltning må ha rett til språkleg etterutdanning som set dei i stand til å oppfylle jamstillingskrava i lovverket. Alle innbyggjarar skal få svar frå offentleg forvalting på det språket dei bruker. Di meir digital offentleg forvaltning blir, di viktigare er dette kravet, som må femne om allmenn, brukarretta programvare. Dette bør også gjelde for kommunar og fylkeskommunar og inneber at ingen kommune kan nekte å svare ein nynorskbrukar på nynorsk eller ein bokmålsbrukar på bokmål.

7. Krav til bruk av nynorsk må aukast for å fremje reell jamstilling. Jamstillingsvedtaket frå 1885 står, men er enno ikkje oppfylt. Ei ny språklov må særleg vere på høgd med den digitale røynda.

8. Regionale statsføretak bør følgje det tenestemålet som gjeld for regionen. I dag gjer dei det berre delvis, og vi reknar med at dokumentasjon frå Språkrådet vil vise kvar skoen trykkjer hardast.

9. Språklova bør vere organisasjonsuavhengig. Språklova må setje krav til offentlege tenester uavhengig av kven som tilbyr tenesta på vegner av stat, fylkeskommune eller kommune. Omorganiseringa i offentleg sektor har også pulverisert språkansvaret. Til dømes helseføretaka, dei mange private og offentlege aktørane i samferdslesektoren og statlege selskap som Vy og Statkraft må få eit tydeleg ansvar for at bokmål og nynorsk er synleg på nasjonalt nivå, på lik linje med andre som utfører tenester i eller på vegner av offentleg sektor.

Nynorsk må ikkje lenger definerast som ei konkurranseulempe i offentleg sektor. Mange statsføretak og andre som konkurrerer i ein open marknad, har fått unntak frå mållova av konkurranseomsyn. Dette er ei effektiv undergraving av intensjonen bak jamstillingsvedtaket frå 1885.

10. Lova bør slå fast at det ikkje er noko normert talemål i Noreg, og at retten folk har til å nytte dialekten sin, skal gjelde i alle offentlege samanhengar. Det ville vere eit viktig bidrag internasjonalt å synleggjere og stadfeste dette særnorske og viktige demokratiske fenomenet. Fridomen til å ytre seg ute slik ein ytrar seg heime, gjer det offentlege rommet meir tilgjengeleg for fleire.

11. Det må stillast krav til bruk av både bokmål og nynorsk i alle kommunar som vedtek språknøytralitet. Ingen del av offentleg sektor skal kunne melde seg ut av den språkdelte norske staten. Viss kommunane ikkje lenger skal bestemme sitt eige språk, er det likevel ei stor sak å drøfte. Vi meiner den kommunale sjølvråderetten må gjelde, men det er legitimt å klargjere kva ulike typar språkvedtak inneber i praksis.

12. Lovreglane må gjelde for alle tilsette i den aktuelle eininga. Det må bli slutt på at særleg høgt utdanna medarbeidarar som legar får unntak frå kommunale reglar, slik fleire undersøkingar har dokumentert.

13. Krav til bruk av norsk må lovfestast slik at det også gjeld for kontraktar i privat sektor med utanlandske samarbeidspartnarar. Slike reglar har så ulike land som Polen og Frankrike. Litauen føreset at styrereferat o.a. skal liggje føre på det nasjonale språket.

14. Private rettssubjekt må kunne vedta eigne språkreglar for si verksemd. Inga lov kan påleggje verken eit skipsverft eller eit mediekonsern kva språk dei skal bruke, men dei kan ikkje gjere noko som bryt med overordna språklege rettar for innbyggjarane. Vi ønskjer å unngå ei statsminimalistisk ordning med språkleg valfridom, men blir ein slik valfridom lovfesta, må han også gjelde i privat sektor.

15. Vurder om prinsippet om det offentlege si rolle i offentleglova også bør brukast i språklova. Offentleglova av 2010 føreset at institusjonar der offentlege tilskot eller subsidiar utgjer minst halvparten av ordinære driftsinntekter, eller der det offentlege oppnemner minst halvparten av styremedlemene, skal følgje lova. Dette prinsippet bør også vurderast for språklova, i det minste for nokre sentrale paragrafar. Det må vere høve for institusjonar som er oppretta for bestemte føremål, å få unntak. 

16. Alternative ordningar for språk for regionale einingar: Mykje av språkpolitikken tek utgangspunkt i kommunale vedtak om tenestemål. Det er, naturleg nok, nynorskbrukarar i fleire kommunar enn dei som har vedteke nynorsk som tenestemål. Eksponering for nynorsk er viktigast i dei områda der det er nynorskelevar i skulen, uavhengig av kor stor prosentdel nynorskelevar det er. Nynorsk kultursentrum meiner at statlege og regionale etatar skal vere pliktige til å nytte ein stor prosentdel nynorsk i område der det er nynorskklassar i skulen, uavhengig av vedtak om tenestemål. Rettane må følgje språkbrukarane, ikkje administrative einingar.

17. Tydeleg ansvar til kommunane og fylkeskommunane. Svensk språkpolitikk har gjort lokale styresmakter meir medvitne om ansvaret dei har for å ta vare på nasjonale språklege mindretal. Nynorsk kultursentrum ønskjer at språklova, som kulturlova, har eigne lovparagrafar som presiserer ansvaret for kommunane og fylkeskommunane.

 

Her kan du lese heile innlegget frå Nynorsk kultursentrum