Velkommen til Nynorsk.no

Frå 1. oktober 2018 møter du Nynorsk kultursentrum på Nynorsk.no. Nytt innhald er i arbeid.

I ventetida er du velkommen til å besøkje ein av våre ni nettstader, og lese meir om Nynorsk kultursentrum og det arbeidet vi gjer for at nynorsk skal vere sjølvsagt kvar som helst og når som helst.

Ny direktør
1. november 2018 tok Per Magnus Finnanger Sandsmark til som direktør i Nynorsk kultursentrum. Under konferansen "Treng vi norsk?" i Førde same dag, heldt han innlegget "Dyr last". Innlegget kan du lese her.

Ivar Aasen-tunet  

Her finn du artiklar om nynorsk skriftkultur og språk i verda. På nettstaden finn du det meste du treng å vite om Ivar Aasen, arbeidet og reisene hans. Det er sjølvsagt også informasjon om arrangement, utstillingar, kafétilbod og utleige i Ivar Aasen-tunet i Ørsta på Sunnmøre. Dei siste pressemeldingane frå Nynorsk kultursentrum ligg på framsida på Aasentunet.no.

Olav H. Hauge-senteret 

Dette er nettstaden der du finn mest informasjon av og om Olav H. Hauge. Artiklane på nettstaden gir òg eit innblikk i lyrikk i mange former, og på tvers av språkgrenser. Du finn òg det du treng å vite om reisemålet og arrangementa på Hauge-senteret i Ulvik i Hardanger.

Vinje-senteret 

Du kan halde deg oppdatert på arbeidet med å etablere Vinje-senteret for journalistikk og dikting i Vinje i Telemark. Her finn du òg nyskrivne tekstar om Aasmund Olavsson Vinje frå fleire ulike skribentar. Her finn du òg alt du treng å vite om 200-årsfeiringa av Aasmund Olavsson Vinje. Det finst òg informasjon om Vinje-fondet for nynorsk journalistikk. Neste søknadsfrist er i mai 2019 (eigen peikar).

Allkunne 
Allkunne.no er eit allment digitalt oppslagsverk på nynorsk med over 25 000 artiklar om alle moglege emne. Kvar dag kjem nye artiklar til om alle verdas emne, skrive og kvalitetssikra av fagfolk, redaksjon og språkvaskarar. Allkunne er eit fritt og sjølvstendig oppslagsverk, redigert etter redaksjonelle retningslinjer for Allkunne som mellom anna byggjer på lov om redaksjonell fridom, Redaktørplakaten, Ver varsam-plakaten og forskingsetiske retningslinjer. Allkunne er gratis og reklamefritt.  

Tunkatten Lurivar 
Tunkatten.no er ein nettstad med innhald som passar godt for 5–12-åringar. Her finst songar, lydbøker, forteljingar og boktips for målgruppa på nynorsk. Songane har både lydfiler og notar. 

Handlenett.no 
Dette er nettbutikken til Aasen-tunet, Hauge-senteret og Vinje-senteret. Her finn du gåvene til den som har alt og til deg som fortener noko ekstra. Vi har eit breitt og nyttig utval av varer som ingen andre har, og eit stort utval i nynorsk musikk og litteratur for born og vaksne. 

Dei nynorske festspela 13.–16. juni 2019 

Ulvik poesifestival 11.–13. september 2020 

Litteraturdagane i Vinje 23.–25. august 2019 

 

Følg avdelingane våre på Twitter, Facebook og Instagram.  

 

Nynorsk kultursentrum har kjøpt Nynorsk.no av Norsk Målungdom