Torsdag 6. april 2017
Perspektivskisse av Vinje-senteret

Torsdag 6. april 2017

Pressemeldinga var ute før kommunestyremøtet var omme. Torsdag 6. april 2017 godkjende Vinje kommunestyre ein overtakings- og driftsavtale med Nynorsk kultursentrum om Vinje-senteret for dikting og journalistikk.

Ordførar Jon Rikard Kleven signerte avtalen i ein møtepause. Debatten om saka hadde vore kort og skilt seg på alle vis frå rundane i kommunestyra på Sunnmøre vinteren 1996.

Gjennom budsjettforlik i november same året løyvde Stortinget den statlege delen av tilskot til basisutstillinga i Vinje-senteret. Innunder jul følgde Vinje kommunestyre opp med vedtak om å setje av til saman 24 millionar til bygging av Vinje-senteret i økonomiplanen for åra 2017–2019. Ein røysta mot løyvinga for 2017, fire røysta mot løyvinga for 2018 og 2019.

Historia om Vinje-senteret tok til i november 2010. Direktøren hadde vore ein tur i Ulvik og sa på møterommet dagen etter at Ulvik ligg så langt inn mot vidda at det er no kort veg over til Vinje. To dagar seinare ringde kulturkonsulenten i Vinje kommune. Kunne Nynorsk kultursentrum tenkje seg å samarbeide om å få til eit Vinje-senter? I eit første møte på Vinjar samfunnshus 23. februar 2011 blei ulike former for samarbeid drøfta. Då kommunestyret gjorde sitt vedtak i 2016, var det blitt over 100 møte til.

Ein intensjonsavtale blei signert i 2013, og hundre møte seinare la Nynorsk kultur-sentrum 29. februar 2016 fram Det rause museet. Prosjektplan for Vinje-senteret. Den inneheldt det meste, også skisseprosjekt frå arkitektane Hille & Strandskogen, byggje- og driftsbud-sjett. Det som så skulle gjerast, tok dagleg leiar Kristian W. Rantala til på 2. januar 2018.

 

Torsdag 6. april 2017
planløysing vinje.jpg

 Planløysing for Vinje-senteret frå Hiille & Strandskogen 16.10.2016. Plassering nær tre gravhaugar frå yngre jernalder godkjend av Riksantikvaren mars 2017.