Tildriv og føresetnader
Reidar DjupedalFoto: Aasen-tunet

Tildriv og føresetnader

Eit dødsfall var utgangspunktet, eit besøk blei vendepunktet.

Kulturforskaren Reidar Djupedal i Trondheim døydde olsokhelga 1989. Då viste det seg at han hadde testamentert heile boksamlinga si til Ivar Aasen-museet, kalla Ivar Aasen-instituttet i testamentet. Til høgskulen ville han for alt i verda ikkje sende noko. For å få plass til samlinga fekk styret alt i november 1989 fram teikningar og plan for utviding av Steinhuset på 30 m2 til 623 000 kroner (1,2 millionar i 2018-kroner). Norsk kulturråd avslo søknaden om 600 000 i både 1989 og 1990. I neste omgang ville ein føre opp ein større museumsbygning, skreiv Møre-Nytt 10. mai 1990.

Eit besøk i Aasen-tunet fredag27. juli 1990 endra det meste. «Standarden på mange norske museer er for dårlig, mener Theo Koritzinsky, leder for kirke- og undervisningskomiteen i Stortinget. Koritzinsky har i sommer besøkt 20–30 museer i Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelag. […] Koritzinsky sier han ble spesielt skuffet over Ivar Aasen-museet i Ørsta, uten at det må ses som noen anklage mot de som driver det. – Museet har ikke faste åpningstider og er vanskelig å finne. Det viser flere av Aasens eiendeler og hans personlige livsløp. Men sier altfor lite om Aasens livsverk, som har betydd så mye for vår skriftkultur», sa Theo Koritzinsky til Nationen 12. september 1990.

Jens Kåre Engeset, til dagleg lærar ved Volda lærarhøgskule, hadde vore styrar for Ivar Aasen-museet like frå 1966. Engeset svara med brev 18. september 1990. Han hadde ikkje visst om besøket, gjorde greie for rammevilkåra for museet og framheva at museet hadde planar for endring: «Eg har no i eit år streva overfor off. instansar for å få midlar til utviding av museet med sikte på å gjere det til eit lite senter for nynorsk språk og kultur.»

Koritzinsky ringde Engeset og sa at han ville ta initiativ til å gjere Aasen-museet til eit nasjonalt museum og byggjast ut til noko mykje meir og større. «Ivar Aasen-museet er eit nasjonalt ansvar», gjentok han til Møre-Nytt 3. november 1990: «Eit Ivar Aasen-museum bør stillast på line med Munch-museet, som eit prov på norsk kulturreising.» Koritzinsky ville i første omgang få til ein merknad frå kyrkje- og undervisningskomiteen om statsbudsjettet for 1991. «Eg tenkjer meg noko veldig stort», la han til og vona at utbygginga kunne vere realisert på eit par år.

«Ideen hans har så mykje for seg at mange her i Volda/Ørsta synest at dei burde ha kome på han sjølv, for lenge sidan», skreiv Ola E. Bø til Noregs Mållag 8. januar 1991. Bø hadde vore leiar i Noregs Mållag 1984–86 og vore med og bygt opp NRK P2 i Trondheim. No arbeidde han på mediefag ved Møre og Romsdal distriktshøgskule i Volda. Hausten 1990 var språk- og litteraturforskaren Arne Apelseth ein annan innflyttar til Volda. Porteføljen hans var ei ambisiøs hovudoppgåve frå året før om Tildriv og føresetnad for Ivar Aasen. Eit mentalitetshistorisk riss av Sunnmøre 1736–1836. Bygdebyen Volda var ikkje så intellektuell og nynorsk som han hadde trudd. Det var noko historikaren og voldingen Jostein Nerbøvik merka seg. Etter år ved Telemark distriktshøgskule i Bø hadde han flytta heim att. Med fast stilling ved distriktshøgskulen emna han på å skrive Volda-soga 1800–1945. I bokhylla stod standardverket Norsk historie 1870–1905 med sine presise studiar av politisk strategi, men også Antiparlamentariske straumdrag i Noreg 1905–1914, som var dei frampeik.

Utover hausten 1990 møttest denne trioen på utestaden Porse i Volda kvar torsdag i sjutida. Der stilte Nerbøvik med notatbok og styrte ordet. Etter eit par timar gjekk han, og tankane fór vide omkring i jamførande vendingar. «Det tok jo av», sa Apelseth og Bø seinare.