Regissøren
Jostein NerbøvikFoto: Arkiv Aasen-tunet

Regissøren

Jostein Nerbøvik tok initiativet til Ivar Aasen-tunet i 1990, og han leidde dette arbeidet det meste av tida fram til opninga i 2000.

Jostein Kjell Nerbøvik, historikar. Han lærte ein heil generasjon studentar historia om demokratiseringa av Noreg på 1800-talet og viste kva historisk innsikt kan brukast til i praktisk arbeid.

Nerbøvik blei fødd i Volda 10. juli 1938 og døydde i Oslo 18. mars 2004. Han tok historie hovudfag ved Universitetet i Oslo i 1967, var vit.ass. same staden 1967–69 og lektor ved Nordens folkhögskola, Biskops-Arnö 1969–71. Han var høgskulelektor, seinare førstelektor, ved Telemark distriktshøgskule 1971–82 og ved Møre og Romsdal distriktshøgskule i Volda frå 1982. Der var han professor, dr.philos, 1993–2004.

Nerbøvik var ein av dei fremste sakprosaforfattarane på nynorsk på 1900-talet, med ein særmerkt stil og eit uvanleg rikt ordtilfang. Han skreiv læreboka Norsk historie 1870–1905 (1973), med mange seinare utgåver. Med Volda-soga 1800–1945 i fire band 1997–2004 sette han ein ny standard for norsk lokalhistorie.

Hausten 1990 tok han initiativet til Ivar Aasen-tunet, og han leidde dette arbeidet det meste av tida fram til opninga i 2000. Undervegs drog han store vekslar på sine innsikter som historikar innanfor demokrati, manøvrering og handlekraft.

 

Frå Ottar Grepstad: «Jostein Nerbøvik», Allkunne.no, sist oppdatert 30.4.2013: https://www.allkunne.no/framside/biografiar/n/jostein-nerbovik//97/1297/ [lesedato 31.8.2018]
Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren.