Premiere i Ulvik
Olav H. Hauge-senteretFoto: Hauge-senteret

Premiere i Ulvik

Olav H. Hauge-stiftinga vart stifta i 2000 av Hordaland fylkeskommune og Ulvik herad. Bodil Cappelen, som var gift med Olav H. Hauge frå 1978, selde boksamlinga hans til Ulvik herad. Heradet gav denne vidare til Stiftinga, som heile tida har arbeidd for å få til eit senter om Hauge og diktinga hans.

Hauge-senteret skal etablerast i det gamle heradshuset i Ulvik, som kommunen byggjer om til føremålet. Huset vil stå klart i september 2010. Olav H. Hauge-stiftinga har teke initiativ til dette forprosjektet som skal leggja grunnlaget for Hauge-senteret med tanke på innhald, organisering og finansiering.

Guro Ljone: –Kjem T’ao Ch’ien på vitjing ein dag, forprosjekt for Hauge-senteret, Ulvik 2010

 

Vedtaket låg på 1222 moh. Den 2. april 2008 møttest Ulvik heradsstyre på Finse og vedtok med 10 mot 7 røyster å byggje om heradshuset til mellom anna «kulturhus og dokumentasjonssenter», i forlenginga av eit vedtak 5. september 2007 om å klargjere heradshuset til kulturhus. Då visste ingen noko om form og innhald. Det endra seg med forprosjektet der 55 var med på idédugnader i Oslo, Bergen og Ulvik hausten 2009.

Same hausten vurderte stiftinga om Hardanger og Voss museum eller Nynorsk kultursentrum skulle få oppdraget med å etablere og drive senteret. Avtale med Nynorsk kultursentrum blei signert 16. august 2010 etter at det første møtet med politisk leiing i Kulturdepartementet var blitt halde 14. juni. «Vi fekk svar på alt vi lurte på», sa statssekretær Lubna Jaffery seinare. Dermed kom den første millionen frå staten i 2011-budsjettet.

Torsdag 13. januar 2011 kunne ordførar Mona H. Hellesnes ønskje Hauge-senteret velkome til Ulvik på ein kulturkveld arrangert av Hauge-senteret. Den offisielle opninga stod leiar Sigmund Løvåsen i Den norske Forfatterforening for torsdag 4. september 2014. Då hadde senteret alt hatt 1765 gjester og 32 675 brukarar av digitale tenester.