Måndag 30. august 1993

Invitasjonen gjekk ut 16. april 1993. 15 fylkeskommunar, kommunar, institusjonar og organisasjonar blei inviterte til å «gå inn som skiparar av og med rett til å oppnemne styremedlemer i den planlagde Ivar Aasen-stiftinga». Måndag 30. august møttest representantar for 14 av dei på Møre Folkehøgskule i Ørsta og skipa stiftinga. Før året var omme, var 14 blitt til 18. I 2018 hadde stiftinga 24 stiftarar og partnarar.