Krokfot på sjarmøretappen

Krokfot på sjarmøretappen

Ivar Aasen-året 1996 til hundreårsminnet om Ivar Aasens død opna med 1500 i fakkeltog opp til Ivar Aasen-museet 31. desember 1995. Fire månader ut i året myldra det alt av arrangement som heidra mannen, verket og språket. I Ørsta og Volda tok året ei uventa vending.

Etter ja-vedtak i Stortinget, fylkestinget og dei to kommunestyra trudde dei fleste at no var alt klart. Vi såg for oss ein sjarmøretappe, sa Jostein Nerbøvik. Då kom mottrekket. Den 15. mai låg det brått underskriftslister mot Aasen-tunet både i butikkar og på bensinstasjonar i dei to kommunane. Ein anonym aksjonskomité med møbeltapetserar Hans Jørgen Viken som talsmann stod bak. Arbeidsutvalet inviterte til folkemøte 21. mai det første sidan vinteren 1991. To dagar etter mobiliserte ein ja-aksjon etter initiativ frå Erik Røys og Kolbein Halkjelsvik.

Intensiteten i debatten var høg, orda blei ufine. Ja-leiarane måtte forsikre publikum om at det fanst både akademikarar og ikkje-akademikarar blant dei fem som dreiv ja-aksjonen. Nei-aksjonen var «en kvise på Ørsta-Volda-regionens kulturelle ansikt», sa stortingsrepresentant Jørgen Holte, Sp. «Eg vert opprørt av slikt flatpanna møl som ein viss trønder, Hans Jørgen Viken, slepper ut av seg», skreiv Kjartan Myklebust. Personmotsetnader og motsetnader mellom ulike sosiale miljø gjekk over i kvarandre. Butikkar og bensinstasjonar som lét nei-aksjonen leggje ut lister, blei truga med kjøpeboikott viss dei ikkje trekte listene tilbake, mens fylkessjukehuset gav eit blankt og bryskt avslag på førespurnad frå ja-aksjonen om å få leggje ut lister der.

I både Ørsta og Volda tok 17. mai-talarane opp aksjonen i talane for dagen. I Volda stilte talaren dette spørsmålet: «Den som ikkje ønskjer ei framtid for nynorsken, kan gjerne gå imot Ivar Aasen-senteret. Den som vil forsvare nynorsken sin plass i Noreg, kan også gå mot senteret. Men kva er då alternativet? Eg har ikkje sett eitt slikt forslag enno i den lokale debatten.» Tre år seinare var talaren blitt ansvarleg for det heile.

Det hadde ulma lenge før nei-aksjonen blei sett i gang, og ymse framlegg var blitt sette fram. Elleve dagar etter stortingsvedtaket tok kulturutvalsleiar Inge Kolås i Ørsta opp eit gamalt krav om at staten skulle stå for 80 prosent av byggjekostnadene, ikkje 60 prosent som Stortinget hadde vedteke. Før jul i 1995 ville Ørsta Frp løyse ein intens debatt om lokale ølutsal i Ørsta og Volda med å leggje eit slikt utsal til Aasen-senteret.

Saka blei eit prisme for oppsamla misnøye mot ei kommunaløkonomisk utvikling som innbyggjarar i både Ørsta og Volda mislikte sterkt. Det røynte hardt på for både kommunalt tilsette og andre tenesteytarar, og ikkje minst for pårørande til tenestemottakarar. Arbeiderpartiet hadde gått til val hausten 1995 på «Eldre og helse først!», og det slagordet blei nok tolka absolutt. Den første store saka som bar i seg prioritering av større summar, ville utløyse det trykket som hadde samla seg opp. Den saka var Aasen-tunet. Dessutan: Dei som dreiv fram prosjektet, hadde teke den lokale støtta for gitt, trass i at undring over manglande engasjement for Ivar Aasen på Sunnmøre hadde vore ein av grunnane til at arbeidet blei sett i gang hausten 1990.

På papiret vann nei-aksjonen. Dei overleverte 1500 underskrifter (900 i Volda, 600 i Ørsta) med krav om at pengane måtte brukast til andre oppgåver. Ja-aksjonen fekk inn 300 røyster. I røynda vann likevel ja-aksjonen, for kommunestyrevedtaka blei ståande, utan ordskifte i saka. Nokon hadde snakka saman.