Grunnlaget
Ivar Aasen Stova ca. 1898, på postkort gjerne omtalt som fødestaden til Ivar Aasen. Foto frå 1896 av Vinjestøtta på Plassen med huset like bak folka til høgre. Olav H. Hauge med mor Katrina utanfor Rossvoll, truleg i 1940-åra.Foto: Arkiv, Nynorsk kultursentrum

Grunnlaget

Historia tek kanskje til i 1885, 1898 og 1937.

På heimegarden Åsen opna familien Ivar Aasen Stova i Ørsta fredag ettermiddag 24. juni 1898. Same dagen avduka Noregs Ungdomslag ein bautastein ved museet, finansiert av kronerulling. Det gamle bustadhuset i Åsen var blitt rive i 1874, og no hadde Jon Aasen sett opp ei røykstove av same slaget som museum. Den 4. august 1946 blei det nybygde Steinhuset opna som museum. Der skulle ein samle alt «som ein kan få tak i av det, som hev høyrt Ivar Aasen til», heiter det i ein avtale frå 1941. I nær 50 år hadde familien åleine teke seg av det heile for eigen kostnad. No fekk ei nemnd på fire personar ansvaret – gardeigaren saman med ein oppnemnd av Sunnmøre Museum, ein av Ørsta kommune og ein av staten. «Minnetunet kan ikkje avhendast», heitte det i skøytet frå same året, og samlingane «kan ikkje flyttast frå Åsen».

I Vinjestoga i Vinje budde folk iallfall til 1891. Ei kronerulling frå 1885 resulterte i ein bautastein som blei reist første gongen i 1893, teken ned att for ny innskrift og sett opp att to gonger til før 1900, då med den opphavlege innskrifta. Bondeungdomslaget i Oslo kjøpte huset i 1903, og søndag 19. juni 1904 tok Vinje kommune offisielt over Vinjestoga etter messe i Vinje kyrkje og folketog frå kyrkja til Plassen. Ho som først tok imot gjester og viste dei rundt, var Margit Lofthus, ei legende i bunad med kvit skjorte og rosesaum. I gjesteboka skeiv den første gjesten seg inn måndag 1. juni 1912. Då var inngangsbilletten ti øre, eller seks kroner i 2018-verdi. Noko av det første Tarjei Vesaas gjorde då Halldis Moren vitja han i Vinje første gongen, var å ta henne med i Vinjestoga. Dei skreiv seg inn i gjesteboka 7. desember 1933.

Til jul i 1937 flytta familien Hauge inn på nytt hus på Rossvoll i Ulvik. «Stovehuset er ein rein villa», skreiv Olav H. Hauge i dagboka. Dette blei staden i hans liv fram til han døydde i 1994. Det han skreiv, skreiv han helst der. Etter få år flytta enkja Bodil Cappelen frå bygda. Ulvik herad kjøpte boksamlinga etter Hauge i 1997 og overførte seinare eigedomsretten til Olav H. Hauge-stiftinga, som blei skipa i 2000.

Både Aasen-stova og Vinjestoga var minnestover, rom med personlege minne om ein død kulturperson. I mange tiår var dette private eller familiære tilbod utan noka formell organisering, Vinjestoga lenger enn Aasen-museet. Gjestene kom helst når alle andre enn bønder hadde ferie, og meirarbeidet var det gjerne kvinnene som stod for. I Ulvik var ein første tanke å gjere Rossvoll til eit Hauge-senter, men løysinga blei ei anna og større.