Frå stemne til festival
Åse Wetås og Atle Grønn under Litteraturdagane 2018, Jan H.Landro og Sverre Tusvik under Poesifestivalen 2014 og den aller første festspelplakaten frå 1992.Foto: Sunniva Lund Osdal, Sigrun Høgetveit Berg, Astrid Eidseth Rygh

Frå stemne til festival

I Aasen-tunet blei det fram til 1960-åra arrangert meir eller mindre årvisse stemne. Jostein Krokvik frå Vestmannalaget slo i Jul på Sunnmøre 1983 frampå om årlege stemne i Aasen-tunet att, Aasen-dagar, som han også kalla det. Aasen-museet såg seg ikkje syn med å ta på seg den oppgåva også.

Ideen fekk ny kraft etter at Arne Apelseth heldt eit foredrag på Volda lærarhøgskule 6. desember 1990. Han ville lufte ut det han kalla husmannsånda på Sunnmøre med ei nynorsk festspelveke på seinsommaren kvart år. To veker seinare gjekk rektor Ketil Jarl Halse ved distriktshøgskulen inn for å skipe til eigne Aasen-dagar ved høgskulen. I hovud-utvalet våren 1991 føreslo Jan Magne Dahle ei slik kunst- og kulturmønstring i mai/juni.

I Volda følgde kulturstyreleiar Geir Grimstad opp festspelideen med eit formelt initiativ, og ei festspelnemnd møttest første gongen 11. november 1991. Prosjektleiar i halv stilling, Marie Egset Haug, tok til 2. januar 1992. På få månader var mykje gjort, og det er enklare å liste opp dei ho ikkje kontakta enn dei ho snakka med. Ei første samla programskisse låg føre alt 21. januar og blei i revidert form presentert offentleg 30. mars. «H.K.H. Prinsesse Märtha Louise har gjeve meg i oppdrag å erkjenna mottakinga av Dykkar brev av 22. april 1992 og å meddela at Prinsessa gjerne vil foreta den offisielle opninga av Nynorsk Festspelveke», stod det i brev frå Slottet 22. juni 1992.

Frå 2000 tok Nynorsk utursentrum formelt over ansvaret for Dei nynorske festspela. Etter initiativ frå Ulvik blei porteføljen utvida med Ulvik poesifestival frå og med 2014. Den festivalen var då blitt arrangert annakvart år sidan 2001. Det året gav Olav Vesaas ut Vinje-biografien Ein tankens hærmann, og arbeidet med den boka utløyste ein idé i Vinje om å lage det som blei Litteraturdagane i Vinje. Medlemslaget bak festivalen tok i 2016 initiativ til at festivalen skulle bli ein del av Vinje-senteret, som arrangerte festivalen for første gong i 2018. Til og med 2018 var dette blitt til 31 festivalar med til saman 146 169 gjester.

Alle tre festivalane blei til etter lokale initiativ for å feire språk og litteratur og gjere forfattarskapar og livsverk større, meir kjende og endå viktigare.

 

29.8.–5.9.1992 Nynorsk Festspelveke
28.8.–5.9.1993 Dei nynorske festspela
9.9.–18.9.1994 Dei nynorske festspela
15.9.–24.9.1995 Dei nynorske festspela
14.9.–22.9.1996 Dei nynorske festspela
6.9.–14.9.1997 Dei nynorske festspela
12.9.–20.9.1998 Dei nynorske festspela
11.9.–14.9.1999 Dei nynorske festspela
23.6.–26.6.2000 Dei nynorske festspela
21.6.–24.6.2001 Dei nynorske festspela
20.6.–23.6.2002 Dei nynorske festspela
25.6.–29.6.2003 Dei nynorske festspela
23.6.–27.6.2004 Dei nynorske festspela
29.6.–3.7.2005 Dei nynorske festspela
21.6.–25.6.2006 Dei nynorske festspela
27.6.–1.7.2007 Dei nynorske festspela
25.–29. 6.2008 Dei nynorske festspela
24.–28.6.2009 Dei nynorske festspela
24.–27.6.2010 Dei nynorske festspela
23.–26.6.2011 Dei nynorske festspela
28.6.–1.7.2012 Dei nynorske festspela
27.–30.6.2013 Dei nynorske festspela
26.–29.6.2014 Dei nynorske festspela
5.–7.9.2014 Ulvik poesifestival
25.–28.6.2015 Dei nynorske festspela
23.–26.6.2016 Dei nynorske festspela
7.–9.9.2016 Ulvik poesifestival
29.6.–2.7.2017 Dei nynorske festspela
7.–10.6 2018 Dei nynorske festspela
24.–26.8.2018 Litteraturdagane i Vinje
7.–9.9.2018 Ulvik poesifestival

Les meir om Dei nynorske festspela her 

Les meir om Ulvik poesifestival her

Les meir om Litteraturdagane i Vinje her