Aasen-tunet med variasjonar

«Den første turen er den viktigaste», sa Sverre Fehn til Møre-Nytt då han kom til tomta i tunet 20. mars 1996. Der og då såg han det motsette av det alle andre hadde tenkt – at nybygget måtte reisast tett inntil dei museumsbygningane som alt var der.

Truleg fekk han den dagen også ideen til den særmerkte bogen – seinare omtalt av Lars Elton i VG 30. april 2001 som «noe av det mest sprelske» i norsk arkitektur i 1990-åra.

 

Aasen-tunet med variasjonar
aasentunetmedvariasjonar1.jpg

Første skisse 20.8.1996. Hausten 1992 hadde Per Hovdenakk og Roar Hagen i Pønskarlaget føreslått å leggje eit Olav Strømme-galleri for moderne samtidskunst, særleg av sunnmørskunstnarar, til Aasen-tunet. I 1996 var ideen med som eit innskot i fjellet.

Aasen-tunet med variasjonar
aasentunetmedvariasjonar2.jpg

 

Revidert plan 15.3.1998.

Aasen-tunet med variasjonar
aasentunetmedvariasjonar3.jpg

Sverre Fehns sluttstrek 1.12.1998 – men vegen i tunet blei endra etterpå.