Høyringsfråsegn om kulturlov og grunnlovsfesting

Hovdebygda, 1. februar 2007

Til Kultur- og kyrkjedepartementet
 
Nynorsk kultursentrum takkar for invitasjonen til å kome med sine merknader til framlegg om ei kulturlov, og til å vurdere spørsmålet om grunnlovsfesting av det same.
           
Kulturlov
Vi er samde i at det er nødvendig å gi kultursektoren endå større tyngd og høgare status. I praksis skjer nok det mest gjennom løyvingar og ved å involvere kultursektoren i sektorovergripande reformer.
            At det finst ei slik lov, kan i seg sjølv vere ein måte å gjere kultursektoren viktig på. Spørsmålet er berre om ei slik lov i seg sjølv er med og gjer kultursektoren viktigare for dei gruppene og miljøa som i dag ikkje legg særleg vekt på denne sektoren. Viss lova mest tener til å gjere kultursektoren viktigare for dei som alt meiner dette er ein svært viktig sektor, har vi oppnådd lite. Svaret kjem truleg berre ved at ei slik lov faktisk blir laga og får verke ein del år. Samstundes blir det då viktig å følgje opp lova med reelle tiltak. Det Kulturløftet som dagens regjeringsparti har forplikta seg til å gjennomføre innan 2014, kan vere det gunstige høvet ei slik lov treng for at lova skal bli oppfatta som viktig og reelt fungerande. At lova samstundes er avgrensa mot idrett og dermed fører inn att eit meir avgrense og tydeleg kulturomgrep, reknar vi som eit gode. Vi meiner ikkje at idrett er uviktig, men eit klart kulturomgrep i ei generell kulturlov er nok nødvendig for at eigenverdien til kulturfeltet skal kome tydeleg fram og bli ein faktor i seg sjølv.
            Spørsmålet om den realpolitiske funksjonen kan også stillast slik: Er lovteksten for generell til at den sikrar eit kulturskuletilbod i alle kommunar? Mange føresetnader må oppfyllast for at eit lovfesta kulturtilbod er omfattande nok til at det faktisk dekkjer eit breitt spekter. Vi har observert at mange kommunar i seinare år har saldert driftsbudsjetta sine ganske effektivt ved å redusere kulturdelen. Då er det ikkje nok at ei lov skal sikre dagens nivå. Lova må vere slik at kultursatsinga i mange kommunar kjem opp att på det nivået det var på for til dømes ti år sidan.
            Den generelle kulturlova treng med andre ord tydelege, spesifikke og detaljrike forskrifter for å få den tilsikta funksjonen. Her blir det særleg viktig å ta omsyn til både verdien av aktivitet og kravet om kvalitet. Berre gjennom forskriftene kan formuleringane om bredt spekter mangfold kvalifiserast og operasjonaliserast slik at til dømes språkdelen kjem tydeleg fram.
            Språkfeltet er nemnt særskilt i høyringsdokumentet, og her finst det faktisk ei norsk røynsle med at overordna vedtak kan verke lenge etter at dei blei fatta. Jamstellingsvedtaket i 1885 er eit slikt vedtak, og eitt av svært få vedtak frå 1800-talet som er politisk og juridisk gyldig den dag i dag. Truleg er den første mållova frå 1930, med ny lov frå 1980, den eldste særlova om kultur i landet, når vi ser bort frå enkeltparagrafar om språk i skulelover får og med 1892. Vi er overtydde om at desse lovene og paragrafane har vore viktige reiskapar i den samla offentlege kulturpolitikken. Også det talar for at ei kulturlov kan få ein positiv effekt.
 
Grunnlov
Ei kulturlov vil truleg verke tyngre viss kulturfeltet også blir grunnlovsforankra. Dette vil over tid gi eit vern mot meir vilkårleg skiftande politiske vindar. Særleg her vil langtidsverknaden vere avgjerande. Nettopp av  di omsynet til samisk språk og kultur er teke inn i Grunnlova, bør det allmenne kulturfeltet få same status. Det kan gjere den samiske sida av saka endå viktigare og meir integrert, i staden for å vere eit iaugefallande unntak i lovteksten, som det som blir nemnt særskilt.
            Vi deler difor dei vurderingane og konklusjonane som Ola Mestad har lagt fram i artikkelen sin i Lov og rett nr. 3/2004. Der karakteriserer han det å ta kulturomsyn inn i Grunnlova som eit rettsleg mottrykk til dei språklege og kulturelle følgjene av auka frihandel. Vi hadde gjerne sett at departementet la ved eit framlegg til ei slik grunnlovsformulering. Det ville nok gjere vurderingane meir handfaste og presise. I mangelen på eit slikt framlegg har vi sett på det framlegget til formulering som Ola Mestad presenterer i artikkelen sin. Det byggjer på den formuleringa som er brukt om samisk kultur. Vi tykkjer framlegget er godt, men meiner det bør få eit tillegg som presiserer den norske språksituasjonen slik den formelt er etter at Stortinget i 2002 avslutta tilnærmingspolitikken mellom dei to norske målformene. Tilleggsframlegget vårt er understreka:
Det paaligger Statens Myndigheder at lægge Forholdene til Rette for at sikre Udvikling og Værn af norsk Kultur og Mangfold, og Sprog med sine to ligestilte Maalformer.
Vi tek atterhald om ordbruken vår er korrekt i høve til språkbruken elles i grunnlovsteksten.
            Vi rår sterkt til at styresmaktene set i gang eit språkleg revisjonsarbeid for Grunnlova. Då høver det også godt at innbyggjarane i landet også får ein offisiell nynorskversjon av Grunnlova. Etter det vi kjenner til, er ikkje den offisielle omsetjinga til nynorsk som Nikolaus Gjelsvik stod for i 1901, blitt halden ved like.
 
 
Med vennleg helsing
Nynorsk kultursentrum
 
 
Ottar Grepstad
direktør