Høyringsfråsegn om framlegg til endringar i pressestøtta

Hovdebygda, 13. januar 2014

Styret i Nynorsk kultursentrum har følgt diskusjonen om mediestøttepolitikken dei siste åra. Vi gav ei lengre fråsegn om innstillinga frå mediestøtteutvalet 25. mars 2011 og framhevar difor i denne fråsegna nokre få hovudpunkt om framlegget til endringar i pressestøtta.

Nynorsk kultursentrum forvaltar Vinjefondet for meir nynorsk i pressa på oppdrag frå Kulturdepartementet, og som nasjonal kulturinstitusjon for nynorsk skriftkultur har vi arbeidd mykje med pressepolitiske saker. Begge delar gjer det viktig å gi våre merknader til framlegget sjølv om vi ikkje står på lista over høyringsinstansar.
Nynorsk kultursentrum er usamd i framlegget til endringar og meiner det ville ha vore meir relevant å drøfte framlegg til endringar som kunne styrkje både dei avisene som framlegget gjeld for, og andre medieføretak.

Behovet nynorsk
Framlegget inneber at nr. 1-aviser og åleineaviser med eit netto-opplag på 4000–6000 eksemplar ikkje lenger skal få pressestøtte. I 2012 hadde heile 20 nynorskaviser netto-opplag mellom 4000 og 6000 eksemplar. Dette utgjer ein tredel av alle nynorskavisene. Skulle rammevilkåra for desse bli vesentleg endra, kan det føre til at aviser i fleire fylke går inn, ikkje minst i område der nynorsk er under sterkt press. Tiltaket råkar høvesvis fleire nynorsk- enn bokmålsaviser.

I høyringsfråsegna om innstillinga frå mediestøtteutvalet skreiv vi 25. mars 2011:
«For den kunstnarlege og intellektuelle utviklinga har utan tvil bokmediet vore det viktigaste også i nynorsk skriftkultur. I større grad enn for bokmål har derimot utbreiinga av nynorsk vore avhengig av pressa. Nynorskpressa har vore den mest utbreidde skriftstaden for nynorsk og det vanlegaste lesestoffet for store brukargrupper. Pressa er eit viktigare medium for nynorsk skriftkultur enn for bokmålskulturen fordi så mange av avisene er redigerte på nynorsk og ein liten del av bøkene er skrivne på nynorsk.

Sjølv utan ei språkpolitisk linje er pressestøtta alt i dag den kulturpolitiske støtteordninga som har mest å seie for produksjon og spreiing av lesestoff på nynorsk. All den tid pressestøtta ikkje har teke omsyn til den særskilde situasjonen for aviser på nynorsk, er det rein politisk flaks at pressestøtta har gitt norske lesarar eit slikt mangfald av aviser også på nynorsk. Flaks gir ikkje berekraft til ein demokratisk mediestøttepolitikk.»
Denne analysen står seg enno. Frå og med 2010 har vi forvalta årlege midlar til pressa gjennom Vinjefondet, og vi har sett på nært hald kva sjølv små summar kan utrette.

Prinsippet nynorsk
Like sidan 1885 har offisiell norsk politikk vore språkleg jamstelling mellom bokmål og nynorsk. Det viktigaste staten har gjort, er å etablere formelle rammevilkår i form av lover og ein eigen språkpraksis som legitimerte ein nynorsk skriftkultur. Den som vil forklare tilstanden for nynorsk skriftkultur i Noreg, kan ikkje oversjå staten. I dagens statlege kulturpolitikk gjer to overordna strategiar seg gjeldande som direkte påverkar rammevilkåra for nynorsk også i media. Den eine strategien er prinsippet nynorsk, den andre er positiv favorisering av nynorsk.

Stortinget slutta seg våren 2009 til alle hovudlinjene i den heilskaplege språkpolitikken som var forma i språkmeldinga frå 2008. Regjeringa Solberg har ikkje distansert seg frå dette, men presisert nokre enkelttiltak i Sundvollen-erklæringa. Likeins har eit breitt stortingsfleirtal ved fleire høve, til dømes i 2004 og i 2009, slått fast at det trengst ei systematisk styrking av nynorsk skriftkultur, og at dette krev ei positiv
favorisering av nynorsktiltak.

Framlegget til endringar ser bort frå alle språkpolitiske perspektiv og konsekvensar. Det finn vi svært uheldig, og vi meiner dette er på tvers av det Stortinget la vekt på i handsaminga av språkmeldinga Mål og meining våren 2009. Her slo Stortinget fast prinsippet nynorsk. Det inneber at omsynet til nynorsk alltid skal vurderast der norsk språk blir tematisert, og at det må grunngivast viss ein meiner det ikkje er relevant.
Vi har merka oss at statssekretæren i debatten om høyringsframlegget har sagt at pressestøtta ikkje har noko språkpolitisk føremål. Det er diverre rett, men det er ikkje med det sagt at ikkje pressestøtta har språkpolitiske konsekvensar. Difor meiner vi det er ein alvorleg mangel ved utgreiinga og høyringsdokumentet i denne saka at prinsippet nynorsk ikkje er tematisert.

Diverre er ikkje dette noko nytt. Regjeringa Stoltenberg såg bort frå det same prinsippet i mandat og oppfølging for både mediestøtteutvalet og to utgreiingar om bokmarknaden i 2012. Vi viser til høyringsfråsegner 25. mars 2011, 27. mars 2012 og 1. mars 2013. Vi kan ikkje sjå at Kulturdepartementet i noka aktuell sak etter 2009 har teke omsyn til det prinsippet nynorsk som departementet sjølv framheva i den nemnde språkmeldinga. I praksis driv ein dermed bort frå den politikken Stortinget har føresett, og som det framleis er eit breitt fleirtal for i parlamentet.

Endring med alvorlege følgjer
Nynorsk kultursentrum har gjennom fleire større skrifter dei siste åra vist kor viktig pressa er for nynorsk skriftkultur. Særleg grundig har vi gjort greie for dette i Språkfakta 2010, kap.14, Avisene som utvida Noreg, 2010, og i Draumen om målet, 2012, s. 309–338. Denne dokumentasjonen oppdaterer vi våren 2014 i Språkfakta 2014.

Vi har vist kor mykje tekst lokalpressa på nynorsk produserer og kor mange som les desse tekstane. Språkpolitisk har nok styresmaktene undervurdert den språklege rolla til pressa like sidan den første ordninga for pressestøtte blei etablert i slutten av 1960-åra. Når både bokmål og nynorsk i dag er så robuste skriftkulturar som dei er, og faktisk kan reknast med blant dei hundre mest robuste skriftspråka i verda, er pressepolitikken ei svært viktig årsak til dette.

Då blir det for smått å redusere behovet for pressestøtte til eit spørsmål om kortsiktig lønsemd i ein del mediebedrifter. Det bør ikkje vere eit mål å gjere små og mellomstore medieverksemder meir sårbare enn dei alt er. Tvert om er det sannsynleg at pressestøtta har gjort det mogleg for avisene å nå dit dei er no, og at denne støtteordninga har vore ein heilt nødvendig risikokapital som har gjort det moglege å vinne posisjonar og halde på dei.

Styrk det grunnlaget som alt er forma
Det er i prinsippet ei relevant innvending mot mykje av pressestøtta at medieverksemder i større eller mindre grad blir avhengige av den statsmakta pressa skal følgje med kritisk avstand. Utviklinga i norsk journalistikk etter 1970 viser derimot at dette ikkje har vore noko problem. Den uheldige bindinga til politiske parti er borte, og den kritiske journalistikken norske aviser driv, er av ei anna verd enn tilfellet var før pressestøtta blei innført. Slik er det også i NRK der kulturministeren er generalforsamling. Det same har skjedd i forholdet mellom næringsliv og presse. Annonsørane har lært seg å leve med at dei kan bli utsett for
kritisk journalistikk i same avisa som dei annonserer i.

Dette kan ikkje bety anna enn at pressestøttepolitikken frå mva-fritak til selektive støtteordningar har sett norsk presse betre i stand til å utvikle si kritiske rolle. Aktørane i det offentlege rommet er kvar på sin kant blitt meir profesjonelle – både redaksjonane, næringslivet og offentleg forvaltning. At mykje enno er ugjort av kritisk journalistikk i lokalaviser flest, kan ikkje forklarast med at dei har fått pressestøtte.

I staden for at styresmaktene uroar seg over noko som ikkje har skjedd, oppmodar vi difor til å forme ein offensiv mediepolitikk som styrkjer det grunnlaget som er blitt forma over lang tid i staden for å setje både språkpolitikk og journalistikk i fare. Nett i det året då Grunnlova skal feirast, er det særleg relevant å minne om dei økonomiske føresetnadene for at trykkefridom skal finne stad.


Med venleg helsing
Nynorsk kultursentrum


Reidar Sandal (s)
styreleiar


Ottar Grepstad (s)
direktør