Etiske retningslinjer

1 Bakgrunn

Dei etiske retningslinjene gjeld for alle delar av verksemda til Nynorsk kultursentrum og for alle medarbeidarar, som her tyder tilsette, styremedlemer og andre tillitsvalde, representantar i råd og utval, og innleigde rådgivarar som representerer oss. Så langt råd er, gjeld retningslinjene også for ulønte medarbeidarar i form av frivillige. I enkelte avsnitt blir det avgrensa kven dei aktuelle reglane gjeld for.

Etikk handlar i denne samanhengen om kva som er rett og gale å gjere og å kunne grunngi handlingane innanfor det som samsvarar med lover, reglar og dei verdiane vi byggjer på. Lover og regelverk dreg opp grensene for dette på mange område, men ofte må det brukast skjøn. Det inneber at etikk også inneber å velje kva ein skal gjere ut frå verdiar, normer og eiga dømekraft.

Dei etiske retningslinjene speglar kulturelle verdiar og samfunnsnormer. Retningslinjene skal vere lette å forstå, relevante i kvardagen og vere forma slik at dei kan følgjast i praksis. Dei tener til å setje standarden for måten oppgåver skal løysast på slik at gjester og brukarar, samarbeidspartar, styresmaktene og omverda elles har tillit til oss.

For det museumsfaglege arbeidet pliktar vi å følgje ICOMs museumsetiske regelverk, sist revidert i 2004. Retningslinjene supplerer det regelverket og gir rammene for den daglege drifta.

Retningslinjene utgjer eit eige kapittel i Visjon og strategi og konkretiserer verdigrunnlaget for verksemda vår. Likeins utdjupar HMT-planen retningslinjene på mange punkt. Desse retningslinjene er også med og konkretiserer strategien om det rause museet.

 

2 Mål

1 Utvikle vidare den positive bedriftskulturen som er bygd opp sidan 1999 gjennom tillitsskapande samhandling.

2 Vere med og klargjere kva som er rett og gale i gitte situasjonar og fremje vidare etisk refleksjon om dette.

 

3 Etikkplakat

Dette er dei 12 hovudpunkta i dei etiske retningslinjene:

1 Ansvar for eigne vurderingar og val

2 Openheit overfor samfunnet med tydeleg rolleforståing

3 Omsorg og respekt overfor kvarandre og tredjepart

4 Ytringsfridom med lojalitet mot avgjerder og vedtak

5 Teieplikt og varsemd med sensitiv informasjon

6 Habilitetsreglane blir følgde strengt

7 Samarbeid innanfor lover og konvensjonar

8 Nei takk til gåver som kan gi personlege fordelar

9 Avtal bruk av institusjonens utstyr og materiell

10 Ha ei klar rolleforståing i offentlege samanhengar

11 Miljøpolitikk og internasjonalt utviklingsarbeid i praksis

12 Varsling er eit nødvendig gode

 

4 Ansvar for eigne vurderingar og val

Kvar medarbeidar har eit personleg ansvar for å følgje dei lover, forskrifter og avtalar som gjeld, dei etiske retningslinjene og andre reglar og retningslinjer som er fastsette for arbeidet i Nynorsk kultursentrum. I tvilstilfelle rådfører vedkomande seg med næraste overordna.

Ein medarbeidarar skal nekte å følgje eventuelle pålegg som vedkomande meiner er ulovlege eller inneber brot på dei etiske retningslinjene.

 

5 Openheit og rolleforståing

Nynorsk kultursentrum handhevar sin ein posisjon som sjølvstendig og uavhengig kulturinstitusjon så konsekvent som råd er. Vi vurderer og tek stilling, skal tole å vere omstridde og er opne om eige arbeid og oppnådde resultat. Den overordna og aktive kommunikasjonsstrategien er fastsett i Visjon og strategi.

Prinsippet om openheit og meiroffentlegheit inneber at alle arkivverdige dokument blir journalførte og arkiverte, sjå kap. 3.2 Saksarkiv og 4.1 Inngåande og utgåande post.

Det er fastsett eigne retningslinjer for deltaking og representasjon i offentlege samanhengar, sjå kap. 19.3 Representasjon i media og 25.2 Representasjon på eksterne arrangement.

Likeins er det fastsett eigne retningslinjer for ulike typar publisering, sjå kap. 22.1 Redaktøransvar og publiseringsreglar, 22.2 Retningslinjer for sosiale medium og 22.3 Redaksjonelle retningslinjer for Allkunne.

 

6 Omsorg, respekt og tillit

Bedriftskulturen er eit felles ansvar og avhengig av eit trygt arbeidsmiljø med takhøgd. Leiarar og tilsette skal møte kvarandre med respekt og omsorg. Alle kollegaer, brukarar, kundar og leverandørar skal møtast høfleg og respektfullt. Dette er nødvendige føresetnader for tillitsskapande samhandling

Kvar tilsett er med og held ved like eit godt arbeids- og læringsmiljø prega av involvering, støtte, konstruktiv kritikk og systematisk resultatvurdering.

Leiarane har eit sjølvstendig ansvar for å utvikle og styrkje det etiske medvitet hos medarbeidarane sine. Som rollemodellar skal leiarane gjennom ord og gjerning påverke bedriftskulturen positivt og vise kva som gjeld.

Nynorsk kultursentrum praktiserer inkludering og mangfald. Kvar medarbeidar har eit personleg ansvar for å gripe inn eller varsle næraste overordna viss dei er vitne til gjerningar på arbeidsplassen som hindrar inkludering og mangfald.

Medarbeidarar som er på tenestereise eller i anna oppdrag for Nynorsk kultursentrum skal verken i arbeidstid eller fritid kjøpe seksuelle eller andre krenkjande tenester.

Arbeidsplassen er rusfri. Ingen skal møte på jobb i ruspåverka tilstand, og ingen arbeidsoppgåver skal utførast i ein slik tilstand. Eventuelle tiltak er fastsette i HMT-planen.


7 Ytringsfridom og lojalitet

Den grunnlovsfesta ytringsfridomen gjeld og gir alle medarbeidarar rett til å ytre seg på eigne vegner, også om det som er kritikkverdig på eigen arbeidsplass. Når ein medarbeidar ytrar seg på eigne vegner, skal det alltid gå klart fram at vedkomande ikkje representerer institusjonen.

Kvar medarbeidar har også ei generell lojalitetsplikt. Hovudregelen er at berre ytringar som kan skade interessene til institusjonen, kan bli avgrensa gjennom lojalitetsplikta. Denne plikta inneber å følgje dei avgjerdene som blir tekne i verksemda og ikkje grunnlaust ytre seg på ein måte som skader interessene eller aktiviteten til Nynorsk kultursentrum, eller grunnlaust omtale arbeidsgivaren eller institusjonen negativt.

Grensa mellom ytringsfridom og lojalitetsplikt er ikkje eintydig, og lojalitetsplikta kan særleg for leiarar avgrense høvet til å ytre seg fritt.

Det er ei gjensidig lojalitetsplikt mellom arbeidsgivar og tilsette der arbeidsgivaren pliktar å ta vare på dei tilsette. Lojalitet er også å seie frå når det er noko ein ikkje meiner er rett. Lojaliteten frå arbeidsgivaren gjeld også tidegare medarbeidarar.

 

8 Fortrulege opplysningar og teieplikt

Fortrulege opplysningar som ein medarbeidar får i samband med arbeidet, skal handsamast konfidensielt og ikkje brukast til personleg fordel.

Dette gjeld særleg sensitiv informasjon. I personopplysningslova er sensitiv personinformasjon definert som «opplysninger om rasemessig eller etnisk bakgrunn, eller politisk, filosofisk eller religiøs oppfatning, at en person har vært mistenkt, siktet, tiltalt eller dømt for en straffbar handling, helseforhold, seksuelle forhold eller medlemskap i fagforeninger». Også forretningsløyndomar kan vere sensitiv informasjon, først og fremst føretaksspesifikk informasjon som ikkje er kjend eller lett tilgjengeleg for andre, som er viktig og konkurransesensitiv for verksemda, og informasjon som verksemda ønskjer å halde hemmeleg og som må reknast som rettsleg verna.

Gjennom verksemda si kjem tilsette i Nynorsk kultursentrum i kontakt med svært mange kunstnarar og andre utøvarar. I respekt for desse blir ikkje eventuelle negative røynsler med namngitte personar drøfta med tredjepart.

Ved å signere arbeidsavtale forpliktar arbeidstakaren seg til å halde reglane for teieplikt om sensitiv informasjon både internt og eksternt, slik desse er fastsette i forvaltningslova § 13.

Teieplikta gjeld også overfor tidlegare tilsette og etter at eige arbeidsforhold er avslutta så lenge informasjonen kan påverke rammevilkåra for institusjonen eller på anna vis er fortruleg.

 

9 Habilitet og eigeninteresser

Kravet til å vere habil, eller gild, er eit krav om å vere uavhengig. Det inneber at ein ikkje prøver å påverke eller ta del i ei avgjerd som ein sjølv eller nær familie kan ha personleg fordel av. Alle som legg til rette for eller som tek avgjerder på vegner av Nynorsk kultursentrum, er bundne av habilitetsreglane i forvaltningslova § 6.

Medarbeidarane pliktar sjølve å varsle overordna om mogleg eller opplagd inhabilitet slik at vedkomande eventuelt blir friteken for vidare arbeid med saka.

Tilsette kan ikkje ta ekstraarbeid for annan arbeidsgivar eller drive privat inntektsgivande verksemd i fritida som kan hemme eller forseinke det vanlege arbeidet med mindre arbeidsgivaren har gitt løyve til eller pålagt dette.

Tilsette kan ikkje ha verv eller interesser i anna verksemd som ikkje kan sameinast dei legitime interessene til Nynorsk kultursentrum, eller som kan svekkje tilliten til institusjonen.

Ingen medarbeidar kan opprette eller ha ansvaret for forhold til personar eller leverandørar som ein er i familie med eller om ein har andre nære personlege eller økonomiske relasjonar til. Tvilstilfelle blir avklara med overordna.

Overordna kan ikkje ha personalansvar for personar som vedkomande har nær familierelasjon eller vesentleg økonomisk relasjon til, og som er tilsette i faste stillingar eller i engasjement på minst fire månader. Nær familierelasjon tyder her ektefelle, sambuar, eigne born eller søsken. For arbeidspraksis i skuleregi, lausarbeid og andre tidsavgrensa oppgåver på inntil fire månader kan direktøren gjere unntak.

 

10 Samarbeid, kontraktar og innkjøp

Nynorsk kultursentrum held avtalar og oppfyller pliktene sine. All kontakt med leverandørar skal vere ærleg og ryddig og i samsvar med god forretningsskikk. Vi tek vare på personvernet til kundane og konfidensiell informasjon frå leverandørar.

Institusjonen følgjer internasjonale konvensjonar om menneskerettar, barnearbeid og diskriminering. Til dette høyrer også internasjonale erklæringar om språklege rettar.

Dei etiske retningslinjene kan ikkje gjerast gjeldande for tredjepart, men Nynorsk kultursentrum ønskjer ikkje å bli assosiert med samarbeidspartar utan tilfredsstillande etisk standard. Dette gjeld også underleverandørar.

Vi følgjer reglane i lov og forskrift om offentlege innkjøp og føreset at norske samarbeidspartar gjer det same.

Alle økonomiske forpliktingar blir gjorde i samsvar med reglane for økonomiske fullmakter, sjå kap. 16.1 Fullmakter og signaturrett.

Medarbeidarar kan ikkje utnytte institusjonens innkjøps- og rabattvilkår ved personlege kjøp.

Tilsette og medlemer i råd eller styre kan ikkje vere med i konkurransar som Nynorsk kultursentrum arrangerer.

 

11 Gåver og andre moglege fordelar

Tilsette skal ikkje utnytte posisjonen sin til å oppnå personlege fordelar av ein slik karakter at dette kan påverke eller vere eigna til å påverke handlingar, saksførebuing eller avgjerder.

Ingen tilsette kan ta imot noka form for gåver eller andre fordelar som utløyser skatteplikt, og aldri til ein verdi over 500 kroner. Så langt råd er blir slike individuelle gåver lagde i ein fellespott til bruk og fordeling ved årsavslutninga.

Likeins gir vi bere gåver som i omfang og verdi er i samsvar med normer for vanleg høflegheit og innanfor gjeldande lovverk.

 

12 Bruk av institusjonens utstyr og materiell

Privat bruk av lokale, utstyr og materiell som Nynorsk kultursentrum eig, skal berre brukast etter godkjenning frå næraste overordna.

Ingen medarbeidar skal i urimeleg grad bruke IT-utstyr eller andre eigedelar til private føremål eller til aktivitetar som ikkje er relevante for arbeidet. Slikt utstyr kan ikkje brukast til føremål som kan oppfattast som støytande.

 

13 Miljøpolitikk og internasjonalt engasjement

Arbeidet vårt kan påverke klima og miljø. Nynorsk kultursentrum gjer det som er økonomisk og praktisk mogleg for at eiga verksemd reduserer forureining og anna belastning på naturmiljøet til eit minimum.

Nynorsk kultursentrum kjøper energi frå kjelder som blir fornya.

Ein del av det å ta samfunnsansvar er for Nynorsk kultursentrum å vere ein Fairtrade-partnar som både tilbyd Fairtrade-merka varer til kundar og tilsette, og som yter ei årleg støtte til Fairtrade-kommunane Ørsta og Volda for å styrkje bruken av nynorsk i Fairtrade. Dette føreset at kafeen bruker kaffimaskinar med Fairtrade-merka kaffi.

Ein annan del av det same samfunnsansvaret er å vere arbeidsgivar for medarbeidarar på særlege vilkår etter ønske frå offentlege etatar, så langt vi maktar å handtere dette.

Den årlege julegåva til medarbeidarane er til vanleg ein større sum til sosiale utviklings- og hjelpetiltak som fremjar alfabetisering.

 

14 Varsling og plikt til undersøking

Varsling er eit nødvendig gode for institusjonen og samfunnet fordi kritikkverdige forhold kan bli retta opp. Gjennom arbeidsmiljølova § 2-4 har alle tilsette ein lovfesta rett til å varsle om det ein opplever eller oppdagar som ulovlege, uetiske eller andre kritikkverdige forhold i verksemda. Teieplikta kan ikkje hindre slik varsling.

Hovudregelen er at varsling først blir gjort internt og skriftleg til overordna for den saka gjeld. Den som blir varsla, pliktar å undersøkje saka og gjere sitt til å avslutte eventuelle kritikkverdige forhold.

I samsvar med arbeidsmiljølova § 2-5 skal den som varslar, ikkje bli utsett for noka form for represaliar.

System for varsling er utforma i HMT-planen.

 

15 Konsekvensar av brot på retningslinjene

Brot på desse etiske retningslinjene kan få følgjer for arbeidsforholdet eller utløyse andre reaksjonar frå arbeidsgivaren.

Åtferd som etter desse retningslinjene er uetisk, kan utløyse reaksjon frå overordna.

Ved grunngitt mistanke om vinningsbrotsverk eller andre straffbare gjerningar melder vi slike saker til politiet.

 

16 Opplæring og oppfølging

Næraste overordna gir nye medarbeidarar informasjon om desse etiske retningslinjene.

Avdelingsleiarane går i dei årlege medarbeidarsamtalen gjennom dei etiske retningslinjene med sine tilsette.

 

Fastsett av styret 9.12.2016, gjeld frå 1.1.2017