Joleklokkor over jordi

(Anders Hovden, 1923)

Joleklokkor over jordi,
ring no høgt frå tårn og tind,
ring no ut dei sæle ordi:
Fred frå Gud i alle sinn!
Ring for heile folkehopen,
ring og kim i nord og sud,
til me skodar himlen open,
til me fær ein smil av Gud!
 
Fader, send din fred til alle
deim som sit i sorg og sut.
Ljose himmelklokkor kalle
deim or lidingsnatta ut!
Vis: På jordi alle stader
bur ei ætt av same blod,
kjøpt til born av same Fader,
brør med same hug og mod.
 
Send oss, Gud, din kjærleiks Ande,
gjer det millom kristne greidt,
knyt i nåde broderbandet,
samanbind oss rett til eitt!
Våre stridar må du jamna,
småleg kiv og ovmods ferd,
alle kristne brøder samna
til ein samlyndt Herrens hær!
 
Klokkor vidt um verdi kime
mildt til alle hjarto ned:
I vår Frelsars fødselstime,
arme jord, hav jolefred!
Ring for heile folkehopen,
ring og kim i nord og sud,
til me skodar himlen open,
til me fær ein smil av Gud!
 

 
Norsk Salmebok frå 1985 står salmen slik:
 
Joleklokker over jorda,
ring no høgt frå tårn og tind,
ring no ut dei sæle orda:
Fred frå Gud i alle sinn!
Klokker vidt om verda kime
mildt til alle hjarto ned.
I vår Frelsars fødselstime,
arme jord, ha jolefred!
 
Fader, send din fred til alle
dei som sit i sorg og sut,
ljose himmelklokker kalle
dei frå lidingsnatta ut!
Vis: På jorda alle stader
bur ei ætt av same blod,
kjøpt til born av same Fader,
sysken, eitt i hug og mod.
 
Send oss, Gud, din kjærleiks Ande,
gjer det mellom kristne greitt,
knyt i nåde syskenbandet,
samanbind oss rett til eitt!
Våre stridar må du jamna,
småleg kiv og ovunds ferd,
alle kristne sysken samna
til ein samlynd Herrens hær!
 

Tekst: Anders Hovden, 1923
Melodi: Rikard Nordraak, omkring 1860
Kjelde: Vert ljos!, Oslo 1998 og Norsk salmebok, Oslo 1985
Brukt med løyve frå familien.
Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2006