Eg gjette Tulla

Folkevise. Frå Norsk sangbok. 1998

Eg gjette tulla i femten år,
eg passa vel på Tulla;
eg gjette bort både lam og får,
men endå hadde eg Tulla.
- Å hei, å hå, det får så gå!
Eg tregar meste på Tulla,
for ho var krulla i ulla.
 
Eg gjette Tulla borti ei li,
det var så lite til beite,
eg gjekk og lokka på Tulla mi
og etter graset mun leite.
 
Og så kom skrubben laskande fram,
då fekk eg kjøpmann til Tulla,
og akkederinga var 'kje lang,
og pengan’ver kje mange.
 
Eg fekk 'kje meire av Tulla mi
enn ein liten flekk utav blodet.
No kjem eg aldri til Fagerli,
om der er gras nok og groe.
- Å hei. å hå, det får så gå!
Eg tregar meste for Tulla
for ho var krulla i ulla.
 

Alvestad: Norsk songbok, Oslo 1964. Elektronisk utgåve 2018 ved Nynorsk kultursentrum