Tholos

(Dikt, 1998, utdrag)

I mørkret er pupillen mett:

stor som ein gravid mage

tom som gudinnas gravkammer

full av seg sjølv som ein blekkflekk.

 

I lyset et han seg innover mot midten

av eit rundt rom

 

__________________________________________________________________________

Frå Gunnhild Øyehaug: Slaven av blåbæret. Samlaget 1998. Side 61.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2015.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
___________________________________________________________________________