Graset i hagen må vekk, seier mor

(Dikt, 1992, utdrag)

Graset i hagen må vekk, seier mor
 
Frosken
den tosken
sat nedi hagen.
Der blei han hoggen
tvers gjennom magen
- av mor sin nyslipte ljå.
 
Mor mi sa:
Det var ikkje bra.
Men frosken
den tosken
blei glad.
 
Tusen takk for visitten!
sa han,
og opna seg høfleg på midten.
 
Mor sa:
Eg har så vondt for å sjå.
Og heldt fram med å slå.
 
Ein møter så mangt i hagen
sommarsdagen.
 

Frå Einar Økland: Pennen i det blå, Samla dikt for barn og unge. Det Norske Samlaget 1992. Side 33.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag