22 Gløymska

(Dikt, 1875)

Av Ivar Aasen
 

(Tone: Det staar et Træ i min Faders Gaard.)

 

   1. Det gløymest allting med Tidi av;

rundt um oss Gløymingi lurer.

Ein Mann or Huset fær til si Grav,

og Huset syrgjer og sturer;

men um ei Stund i det same Hus

er Leik og Gaman og Staak og Sus,

All Sorg og Sut    er sopad ut,

og Gløymska vinner paa Minnet.

 

   2. Det vaknar stundom ein ofsa Strid;

han gjeng med ymise Vende;

dei rosa Vinningen kvar si Rid,

so ingen ser nokon Ende.

Og Hopen bisnar og lyder paa

og røder um det i kvar ei Kraa.

So døyr det av    med alt sitt Kav,

og Gløymska vinner paa Minnet.

 

   3. Ein Diktar seter ei Bok i Hop,

som store Skifte skal gjera;

han skal no koma i slikt eit Rop,

at aldri gløymd han kann vera.

Men Minnet varer eit Aar og tvau;

det varer knapt inntil seks og sjau,

til tjugo Aar    det aldri naar;

for Gløymska vinner paa Minnet.

 

   4. Um kjærleg Hug var det stundom sagt,

han aldri skulde faa Ende;

og endaa gjekk det no sidan skakt,

so Hug til Vanhug seg vende.

Men endaa trur eg no helst uppaa,

at Elsken vara til Enden maa.

Der vil eg snu    og ikkje tru,

at Gløymska vinner paa Minnet.

 


Frå Ivar Aasen: Symra. Tvo Tylfter med Visor og Rim. Tridje Utgaava. (Med Notar.) Kristiana. Forlagt av P T Mallings Boghandel. 1875. Side 40-41. Elektronisk utgåve ved Det Norske Samlaget/Nynorsk kultursentrum 2003.