20 Hugen til Rikdom

(Dikt, 1875)

Av Ivar Aasen

(Tone: No er alt so godt og vel.)

   1. Var eg ung, og var eg rik,
so lærde eg vist aa liva;

daa fekk eg vera ein Stormann lik

og stora Gaavor giva.

Daa fekk eg Lov aa leika,

ganga i Kring aa reika,

sitja kvar Dag i Gjestelag

og faa kvat eg paa vilde peika.

 

   2. Fyrst laut eg ut i eit annat Land

og sjaa dei største Stader,

der som er Folk av høgste Stand,

som bu i tetta Rader;

berre sjaa paa dei fine

og blaasa aat alle hine,

koma so heim fraa all den Sveim

og byggja paa Husi mine.

 

   3. So laut eg hava Sal paa Sal

med Speglar i alle Grunnar,

Fuglar i Bur i kvar ei Sval

og spanske Tre og Runnar;

Stallar med blanke Veggjer

og Hestar med lange Leggjer,

engelske Kyr og andre Dyr

so fullt som My og Kleggjer.

 

   4. So laut eg hava ein Tenarflokk

og fine Folk og gilde;

dei skulde senda meg Sko og Sokk

og gjera alt, som eg vilde.

Daa eg slapp aa bida,

eg slapp mot Kvelden kvida;

Grannar kom til meg kvart eit Bil,

so Kvelden lett maatte lida.

 

   5. Vilde eg ut paa Friar-Veg,

so var ikkje mangt i Vegen.

Verfader kom og møtte meg

og var baade blid og fegen.

Ja, daa fekk eg den, eg vilde,

og alle Folk var snilde.

Kven skulde inkje hava Hug

til Gjestebod og Gilde?

 

   6. Ein Ting er eg nogot rædd:

Det fanst vel endaa Lyte.

Den som i berre Sylv er klædd,

han vil hava Gull til Byte.

D'er ein Ting til aa fæla

midt i den meste Kjæla:

enn um eg leiddest av alt i Hop,

so var det til liti Sæla.


Frå Ivar Aasen: Symra. Tvo Tylfter med Visor og Rim. Tridje Utgaava. (Med Notar.) Kristiana. Forlagt av P T Mallings Boghandel. 1875. Side 36-38. Elektronisk utgåve ved Det Norske Samlaget/Nynorsk kultursentrum 2003.